Spellemannprisen 1972

Spellemannprisen 1972 vart delt ut laurdag 3. mars 1973 i Chateau Neuf i Oslo. Dette var fyrste gong Spellemannprisen hadde utdeling. Det vart kåra vinnarar innanfor sju sjangrar og i tillegg delt ut tre spesial- og bransjeprisar. Komponist og arrangør Egil Monn-Iversen og musikalen Bør Børson Jr. fekk heidersprisen for musikalen som fyrste gong vart sett opp i 1972 på Det norske teatret. Jens Book-Jenssen fekk spesialpris og Sigurd Jansen fekk bransjepris som arrangør. Filharmonisk Selskaps Orkester vann den fyrste prisen i klassisk musikk/samtidsmusikk og har seinare vorte ein av dei artistane som har vunne flest prisar.

Utdelinga vart overført på radio og TV av NRK. Rolf Kirkvaag var programleiar.

Vinnarar endre

 
Erik Bye vann den fyrste spellemannsprisen for Beste mannlege artist i 1972.
Klasse Artist
Kvinnelege artist Kirsti Sparboe
Mannlege artist Erik Bye
Gruppe Popol Vuh
Klassisk musikk/samtidsmusikk Filharmonisk Selskaps Orkester
Visesong Birgitte Grimstad
Open klasse Einar Schanke
Barneplate Knutsen & Ludvigsen
Spesialpris: heiderspris frå juryen Egil Monn-Iversen/Bør Børson Jr.
Spesialpris Jens Book-Jenssen
Bransjepris som arrangør Sigurd Jansen

Kjelder endre