Spellemannprisen 1981
Spellemannprisen 1981 vart delt ut våren 1982. Dette var tiande gong utdelinga vart arrangert, og i samband med jubileet vart det delt ut fire spesialprisar. Den gjævaste, som gjekk under namnet sølvharpen/10 års jubileumspris, fekk Terje Rypdal. Han kunne tidlegare år ikkje få nokon ordinær pris sidan han hadde tysk plateselskap. Åge Aleksandersen og Henning Sommerro fekk kvar sine eksemplar av heidersprisen frå juryen, medan Svein Dag Hauge fekk eit diplom. Akkurat som ved førre utdeling vart det delt ut to prisar i klassen rock.
Vinnarar
endreKlasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Pop | Trond Granlund | Pleasant Surprise |
Rock (ny-rock) | De Press | Block to Block |
Rock (jazz-rock) | Sidsel Endresen/Jon Eberson Group | Jive Talking |
Folkemusikk/gammaldans | Hørkelgaddan | Tøffelmusikk |
Jazz | Thorgeir Stubø | Notice |
Klassisk musikk/samtidsmusikk | Oslo Filharmoniske Orkester/Mariss Jansons | for 3 plater med Grieg |
Visesong | Halvdan Sivertsen | Liv laga |
Open klasse | Geirr Lystrup | Songen om kjærligheta |
Barneplate | Trond Viggo Torgersen & George Keller | Det by'ner nå |
Spesialpris: sølvharpen/10 års jubileumspris | Terje Rypdal | |
Spesialpris: heiderspris frå juryen | Åge Aleksandersen | |
Spesialpris: heidringspris frå juryen | Henning Sommerro | Litt ta me |
Spesialpris: diplom | Svein Dag Hauge | Pleasant Surprise |
Kjelder
endre- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.