Spellemannprisen 1983

Spellemannprisen 1983 vart delt ut våren 1984. For fyrste gong vart prisen og vandretrofeet Årets spellemann delt ut. Prisen vart oppretta som ei utmerking til artistar som hadde prega musikkåret utover sjangerklassane. The Monroes vart dei fyrste som kunne kalle seg Årets spellemann og fekk i tillegg prisen i pop-klassen for debutalbumet Sunday People. Dei vart såleis også dei fyrste som vann meir enn éin pris under same utdeling. Jahn Teigen fekk heidersprisen frå juryen dette året, medan plateprodusenten Eirik Wangberg fekk bransjeprisen.

Vinnarar endre

Klasse Artist Tittel
Pop The Monroes Sunday People
Rock Beranek X Ray
Folkemusikk/gammaldans Tone Hulbækmo Kåmmå no....
Jazz Masqualero Masqualero
Klassisk musikk/samtidsmusikk Grex Vocalis Renessanse for kor
Visesong Lars Klevstrand/Hege Tunaal med Ålesund Kammerensemble Kirans viser
Open klasse Steinar Ofsdal Hat Trick
Barneplate Knutsen & Ludvigsen Juba Juba
Årets spellemann The Monroes Sunday People
Spesialpris: heiderspris frå juryen Jahn Teigen
Bransjepris som plateprodusent Eirik Wangberg

Kjelder endre