Spellemannprisen 2001

Spellemannprisen 2001 vart delt ut i Oslo Spektrum fredag 1. mars 2002. Morten Abel kom til å bli den store vinnaren, med prisen for Årets spellemann og som vinnar av klassane «popsolist» og «årets låt». Röyksopp gjorde det også bra og vann prisen i den nye klassen «elektronika» og «årets musikkvideo». I tillegg til elektronika vart det for fyrste gong delt ut prisar i klassane «metal» og «blues».

I samband med Spellemannprisens 30-årsjubileum vart det også delt ut ein spesialpris kalla for «Tidenes norske hit» der Spellemannkomitéen nominerte 14 låtar frå den 30-årige historia til utdelinga. Vinnaren blei avgjort av publikum som på førehand kunne avgi stemma si gjennom telefon og internett. «Noen ganger er det all right» med Odd Børretzen og Lars Martin Myhre gjekk av med sigeren framfor «Take On Me» med a-ha og «Lys og varme» med Åge Aleksandersen.

Det var også 30., og førebels siste, gong NRK arrangerte utdelinga. Utdelinga blei leia av Bård Tufte Johansen og overført direkte på NRK1.

Vinnarar endre

Klasse Artist Tittel
Popsolist Morten Abel I'll Come Back And Love You Forever
Popgruppe Savoy Reasons to stay indoors
Rock Kaizers Orchestra Ompa til du dør
Elektronika Röyksopp Melody A.M.
Blues Bjørn Berge Stringmachine
Metal Dimmu Borgir Puritanical Euphoric Misanthropia
Hip-hop Klovner i kamp Bjølsen hospital
Open klasse Anja Garbarek Smiling & Waving
Folkemusikk/gammeldans Per Sæmund Bjørkum Berg og Vatn
Danseorkester Scandinavia De aller beste live
Jazz Urban Connection Urban Connection
Klassisk musikk Rolf Lislevand Alfabeto
Samtidsmusikk Peter Herresthal Arne Nordheim; Complete Violin Music
Viser Halvdan Sivertsen Tvil, håp og kjærlighet
Barneplate Uhu! (NRK Barn) Uhu!
Årets musikkvideo Röyksopp «Eple»
Årets nykomar Sondre Lerche Faces Down
Årets låt Morten Abel «I'll Come Back And Love You Forever»
Årets spellemann Morten Abel
Tidenes norske hit Odd Børretzen & Lars Martin Myhre «Noen ganger er det all right»

Kjelder endre