Opna hovudmenyen

Utdelinga av Spellemannprisen 2005 blei heldt i Chateau Neuf i Oslo laurdag 28. januar 2006. Vertskapet for kvelden var Harald Rønneberg og Thomas Numme, medan rockegruppa Madrugada blei dei store vinnarane etter å ha motteke heidringstroféane Årets spellemann, klassen rock og årets hit (saman med Ane Brun).

VinnararEndra

Klasse Artist Tittel
Kvinneleg artist Ane Brun A Temporary Dive
Mannleg artist Robert Post Robert Post
Popgruppe Röyksopp The Understanding
Elektronika Alog Miniatures
Samtidsmusikk Nils Henrik Asheim 19 March 2004, Oslo Cathedral
Rock Madrugada The Deep End
Blues Kåre Virud Band Ild og vann
Country The Respatexans Shine On
Metal Audrey Horne No Hay Banda
Hip Hop/R'n'B Paperboys When Worlds Collide
Folkemusikk/gammeldans Sigrid Moldestad/Einar Mjølsnes/Håkon Høgemo Gamaltnymalt
Danseband Ole Ivars Vi tar det tel manda'n
Jazz Hans Mathisen Quiet Songs
Klassisk musikk Leif Ove Andsnes Rachmaninov: Piano Concertos 1 & 2
Viser Vamp Siste stikk
Open klasse Nils Petter Molvær Er
Barneplater Geirr Lystrup Sangen om Yebo
Årets nykomar Marthe Valle It's A Bag Of Candy
Årets hit Madrugada og Ane Brun «Lift me»
Årets musikkvideo Robert Post «Got None»
Årets spellemann Madrugada
Juryen heidringspris Terje Rypdal
Bransjepris Sæmund Fiskvik
Bransjepris Jan Paulsen

KjelderEndra