Spellemannprisen 2007

Spellemannprisen 2007 blei delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 2. februar 2008. Hellbillies blei kåra til Årets spellemann, DumDum Boys fekk heidersprisen frå juryen og Rolf Løvland fekk bransjeprisen. Trompetisten Tine Thing Helseth blei kåra til «årets nykomar» og fekk dermed eit arbeidsstipend på 200 000 kroner. Stipendet, som blei delt ut for første gong, blei delt ut av vederlagsbyrået Gramo for å gje vinnaren «eit utgangspunkt for å arbeide vidare med musikken sin, slik at dei kan glede oss meir i framtida».

Då påmeldingsfristen gjekk ut i desember 2007, var det registrert 625 påmeldingar. Mellom desse blei dei nominerte i dei ulike klassane plukka ut og offentleggjort 3. januar 2008. Vinnaren av dei ulike klassane, inkludert Årets spellemann, blei kåra av ein jury, med unntak av årets musikkvideo og årets hit der publikum har hatt høve til å vere med å røyste fram vinnaren. Det blei på førehand ikkje offentleggjort nokon nominasjonar til Årets spellemann, heidersprisen frå juryen og bransjeprisen. Prisen for årets musikkvideo blei utdelt på TV 2-programmet Fredag dagen før hovudutdelinga.

Prisutdelinga blei overført direkte på TV 2, med Harald Rønneberg og Thomas Numme som programleiarar.

Vinnarar endre

Klasse Artist Tittel Plateselskap
Kvinneleg artist Susanne Sundfør Susanne Sundfør MBN
Mannleg artist Magnet The Simple Life Sony BMG
Popgruppe Superfamily Warszawa Propeller Rec.
Elektronika Salvatore Days Of Rage Racing Junior
Samtidsmusikk Kari Rønnekleiv / Ole-Henrik Moe Ciaccona/3 Persephone Perceptions Rune Grammofon
Rock My Midnight Creeps Histamin MMC Records
Blues Grande Uppers, Downers, Screamers & Howlers Fabuloso Records
Country Hellbillies Spissrotgang EMI Music Norway
Metal Mayhem Ordo Ad Chao Season Of Mist
Hip hop Madcon So Dark The Con Of Man Bonner Amigo
Folkemusikk/gammaldans Sigrid Moldestad Taus Heilo
Danseorkester Anne Nørdsti Livli’ På Låven Tylden & Co
Jazz Petter Wettre Fountain Of Youth Household Records
Klassisk musikk Bergen Philharmonic Orchestra Prokofiev: Romeo & Juliet Bis Records AB
Viser Henning Kvitnes Stemmer I Gresset Bonnier Amigo/Scandicana
Open klasse Live Maria Roggen Circuit Songs Jazzland
Barneplate Rasmus Og Verdens Beste Band Kyssing E Hæsli… MBN
Årets nykomar Tine Thing Helseth Haydn/Hummel/Albinoni/Neruda Simax Classics
Årets hit Madcon «Beggin'» Bonner Amigo
Årets musikkvideo Dimmu Borgir «The Serpentine Offering» Nuclear Blast
Årets spellemann Hellbillies
Bransjepris Rolf Løvland
Heidersprisen frå juryen DumDum Boys

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre