Spessartin
Spessartin er eit raudt, oransjeraudt til gult mineral, ein manganhaldig granat. Den kjemiske samansetjinga er Mn3Al2(SiO4)3. Spessartin er ein granat i pyralspitt-serien og dannar ofte kjemiske blandingsrekkjer med granatane almandin og pyrop. Det finst særleg på granittpegmatittar og i manganrike omvandlingsbergartar. Kjende førekomstar i Noreg er Byneset ved Trondheim, Iveland og Bykle i Aust Agder. Klår spessartin kan nyttast som smykkestein.
Spessartin | |
![]() Spessartin frå Kina | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Nesosilikat |
Kjemisk formel | Mn2+3Al2(SiO4)3 |
Strunz-klassifisering | 09.AD.25 |
Krystallsymmetri | Isometrisk heksoktahedral H-M-symbol: (4/m 3 2/m) Romgruppe: I a3d |
Einingscelle | a = 11.63 Å; Z=8 |
Identifikasjon | |
Farge | Gul til raud |
Krystallform | Massiv til krystallline |
Krystallsystem | Isometrisk |
Kløyv | Ingen |
Brot | Undermuslig |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 6.5 - 7.5 |
Glans | glasaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 4.19 utrekna, 4.12 - 4.32 målt |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Isotrop, ofote avvikande dobbeltbrytande |
Brytingsindeks | 1.800 |
Dobbeltbryting | ingen |
Dispersjon (spreiing) | Svak |
Absorpsjonsspektrum | Band ved 410, 420, 430 nm[1] |
Kjelder | [2][3][4] |
KjelderEndra
- Spessartin. (2012, 9. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spessartin.
- ↑ Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6
- ↑ Webmineral Spessartine page
- ↑ Mindat Spessartine page
- ↑ Handbook of Mineralogi Spessartine page