Spike Island i Bristol
51°26′47″N 2°35′43″W / 51.4465°N 2.5953°W
Spike Island er eit område og ei tidlegare øy i hamnebyen Bristol i England, like ved sentrum av byen. Det består av ei landstripe mellom Floating Harbour i nord og tidvassområdet New Cut i River Avon i sør, og frå innløpet til hamna i vest til Bathurst Basin i aust. Øya er ein del av distriktet Cabot.[1][2]
Spike Island vart danna av William Jessop tidleg på 1800-talet, då han bygde New Cut og omforma den tidlegare leia til River Avon slik at ho rann ut i Floating Harbour. Fram til den andre verdskrigen gjekk det ei sluse mellom Bathurst Basin og New Cut og Spike Island var ei ekte øy med vatn på alle sider. Under krigen var ein redd for at eit bombeåtak på slusa skulle få katastrofale følgjer og valde å fylle ho att.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spike Island, Bristol» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Cabot Ward Map» (PDF). Bristol City Council. Arkivert frå originalen (PDF) 6. juli 2008. Henta 24. januar 2010.
- ↑ Ordnance Survey (2005). OS Explorer Map 155 - Bristol & Bath. ISBN 0-319-23609-9.