Opna hovudmenyen
Spinout
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Utgjeve 31. oktober 1966
Innspelt Februar 1966, mai-juni 1966
Sjanger Rock and roll
Lengd 29:23
Selskap RCA Victor
Produsent George Stoll
Elvis Presley-kronologi
Paradise, Hawaiian Style
(1966)
Spinout How Great Thou Art
(1967)
Singlar frå Spinout
  1. «Spinout»
    Utgjeve: Oktober 1966

Spinout er det 27. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3702, den 31. oktober 1966. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood i California, den 16. og 17. februar 1966. Det nådde 18. plassen på Top Pop Albums-lista.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic[1]3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg

InnhaldEndra

Tidleg i 1966 hadde sjefane i RCA og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, kome fram til same konklusjonen. Dei kunne ikkje lenger vente at plater med berre filmmusikk og restar av tidlegare innspelingar kom til å gjere det like sterkt som i tidlegare år.[3] Popmusikken var i store endringar i midten av 1960-åra, der listene var dominert av The Beatles, Bob Dylan og mange andre, og Presley regjerte ikkje lenger på listene. Salet av filmmusikkalbuma stupte og nådde lågare opp på salslistene enn før.[3]

Innspelinga til Spinout følgde likevel same formelen som dei siste fire åra. Ni av songane vart spelte inn for filmen, og alle vart nytta. Dei fleste av songane kom frå dei faste låtskriavrane, og opphavsretten deira vart gjeven til Elvis Presley Music og Gladys Music, selskapa eigd av Elvis og Parker, slik avtalen var.[4] Ein song «Stop, Look, and Listen», var tidlegare spelt inn av Ricky Nelson og Bill Haley & His Comets.[5] To songar vart gjevne ut på singel månaden før filmen hadde premiere, tittelsporet i lag med «All That I Am», og sjølv om begge sidene gjekk inn på salslistene, nådde A-sida berre så vidt topp 40. Elvis framførte songen «Adam and Evil» på scenen i filmen, med ein lang trommevirvel i byrjinga. Han refererer til Adam og Eva i Bibelen, med «Adam and Evil they go hand in hand / Eve taught him sin, that's the way it all began». Elvis knipsar fingrane gjennom songen.

Ein innsåg at musikksmaken hadde endra seg og tre songar som var meir moderne vart lagt til som bonusspor for å gjere albumet langt nok. Desse vart spelt inn i RCA Studio B i Nashville under innspelinga for gospelalbumet How Great Thou Art, to var rhythm and blues-songar. Den andre var «Tomorrow Is a Long Time», ein song Bob Dylan skreiv (songrettane vart sjølvsagt ikkje gjeven til Presley og Parker), ein ballad frå ei seinare Nashville-innspeling i juni.[6] «Down in the Alley» var blitt gjeven ut i 1957 av The Clovers, oog Presley kjende til og likte Dylan songen frå versjonen på Odetta Sings Dylan av visesongaren Odetta.[7] «I'll Remember You» var blitt spelt inn av Don Ho, og synte kjærleiken Presley hadde for Hawaii og kulturen der.[8] Sjølv med desse ekstra songane, gjorde ikkje albumet det noko betre enn føregjengaren i 1966.

Dylan innrømde for Rolling Stone i juni 1969 at Presley sin versjon av «Tomorrow Is a Long Time» var den coverversjonen av ein av songane hans han prissette høgast.[9] Dei tre ekstra songane finst på From Nashville to Memphis: The Essential 60s Masters, medan tre andre songar frå filmmusikken finst på Command Performances: The Essential 60s Masters II: «Spinout», «All That I Am» og «I'll Be Back».[10]

I 2004 vart Spinout gjeven ut på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[11]

MedverkandeEndra

InnhaldEndra

OriginalutgåvaEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Stop, Look and Listen»  Joy Byers16. februar 1966 1:31
2. «Adam and Evil»  Fred Wise og Randy Starr17. februar 1966 1:55
3. «All That I Am»  Sid Tepper og Roy C. Bennett17. februar 1966 2:15
4. «Never Say Yes»  Doc Pomus og Mort Shuman17. februar 1966 1:53
5. «Am I Ready»  Sid Tepper og Roy C. Bennett16. februar 1966 2:26
6. «Beach Shack»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye16. februar 1966 1:48
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Spinout»  Ben Weisman, Dolores Fuller, Sid Wayne17. februar 1966 2:32
2. «Smörgåsbord»  Sid Tepper og Roy C. Bennett16. februar 1966 2:01
3. «I'll Be Back»  Ben Weisman og Sid Wayne17. februar 1966 2:02
4. «Tomorrow is a Long Time» (bonusspor)Bob Dylan26. mai 1966 5:20
5. «Down in the Alley» (bonusspor)Jesse Stone26. mai 1966 2:48
6. «I'll Remember You» (bonusspor)Kui Lee10. juni 1966 2:52

«Spinout» vart gjevenn ut på singel i oktober 1966 med «All That I Am» på B-sida. Snogane nådde høvesvis 40. og 41. plassen på listene, i USA på Billboard's Hot 100 og 21. og 18. plassen i Storbritannia.[12]

Follow That Dream-utgåva frå 2004Endra

Oiriginalutgåva
# Tittel Lengd
1. «Stop Look and Listen»   1:32
2. «Adam and Evil»   1:54
3. «All That I Am»   2:17
4. «Never Say Yes»   1:54
5. «Am I Ready»   2:26
6. «Beach Shack»   1:49
7. «Spinout»   2:34
8. «Smorgasbord»   1:57
9. «I'll Be Back»   2:05
Originale bonusspor
# Tittel Lengd
10. «Tomorrow is a Long Time»   5:26
11. «Down In the Alley»   2:52
12. «I'll Remember You»   4:09
Nye bonusspor
# Tittel Lengd
13. «Stop Look And Listen» (opptak 1, 2, 3) 3:43
14. «Am I Ready» (opptak 1) 2:28
15. «Never Say Yes» (opptak 1, 2) 2:40
16. «Spinout» (opptak 1, 2) 3:26
17. «All That I Am» (opptak 1, 2) 3:57
18. «Adam And Evil» (opptak 1, 14, 16) 5:51
19. «Smorgasbord» (opptak 1) 2:18
20. «Beach Shack» (opptak 1, 2, 3) 3:47
21. «Am I Ready» (opptak 3, 4) 2:51
22. «Never Say Yes» (opptak 4, 5) 2:17
23. «All That I Am» (opptak 4) 2:42
24. «Stop Look And Listen» (opptak 6) 1:34
25. «Smorgasbord» (opptak 5) 2:26

ListerEndra

Album

År Lister Plassering
1966 Billboard Pop Albums 18

KjelderEndra

  1. «Spinout - Elvis Presley». AllMusic. Henta 1. desember 2016. 
  2. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 30. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 203.
  4. Jorgensen, op. cit., s. 197.
  5. «Chris Gardner's Bill Haley Database». Henta 4. desember 2016. 
  6. Jorgensen, op. cit., s. 208, 218.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 214.
  8. Jorgensen, op. cit., s. 218.
  9. Gray, Michael. The Bob Dylan Encyclopedia. New York: Continuum, 2006; s. 666.
  10. Kjelder:
  11. Kjelder:
  12. Drake, Howard (2009). «Elvis Presley songs». Henta 4. desember 2016.