Spisshalepetrell

fugleart
Spisshalepetrell
Spisshalepetrell
Spisshalepetrell
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Spisshalepetrell
Utbreiinga av Spisshalepetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Bulweria
Art: Spisshalepetrell B. bulwerii
Vitskapleg namn
Bulweria bulwerii

Spisshalepetrell (Bulweria bulwerii) er ein mørk sjøfugl og den eine av to nolevande medlemmar av slekta Bulweria-petrellane i stormfuglfamilien. Han lever pantropisk pelagisk, hekkar på øyar i Stillehavet, i Nord-Atlanteren og på ei øy i Indiahavet. Han spreier seg vidt utover hav utanom hekketida.

Spisshalepetrellegg

Skildring endre

Spisshalepetrellen er ein av dei minste og mest langhala petrellane, slank i kroppsforma, 26-29 centimeter i kroppslengd, veg rundt 100 gram. Vengene er særs lange og smale, vengespennet i området 63–73 cm. Fjørdrakta er nokså einsfarga mørksota brun, på oversida av vengene vil vengdekkarane syne eit litt lysare diagonalt felt, hovudet kan nokre gongar synest mørkast.[1] Halen er kileforma, noko som har gjeve artsnamnet på norsk. Spisshalepetrellar kan nokre gonger forvekslast med brunnoddy.[2]

Denne petrellen flyg lågt på søk etter føde og plukkar småfisk, blekksprut og litt krepsdyr frå overflata eller dei dukkar ned til to meters djupne. Dei kan beite om natta.

Spisshalepetrellen har hekkeplassar på Asorane, Kanariøyane, Madeira og Kapp Verde i Atlanteren, i Indiahavet på Round Island ved Mauritius. I Stillehavet finst hekkeplassar på langt fleire øyar mellom austkysten av Kina til Hawaii. Dei er kolonihekkarar og skjuler reirplassen i hòler i bakken, bergsprekker eller under vegetasjon. Kullet er på eitt egg som treng ca. 45 dagars rugetid, og ungane kan flyge først etter to månader. 50 dagar etter det igjen når ungane si maksimale kroppsvekt, ca 1,5 gonger vekta av vaksne fuglar.[1]

Storleiken på populasjonen var estimert til mellom 0,5 og 1 million individ i 2004 og er trudd å vere stabil.[3] Lengste kjente levealder er 24 år.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Carboneras, C., Jutglar, F., de Juana, E. & Kirwan, G.M. (2016) Bulwer's Petrel (Bulweria bulwerii) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. november 2016
  2. Onley, and Scofield, Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World (Helm 2007) ISBN 978-0-7136-4332-9
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Bulweria bulwerii. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. november 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Spisshalepetrell