Spjelkavik er ein matrikkelgard i tidlegare Borgund kommune og ein bydel i Ålesund kommune. Bydelen vert jamnast skriven for Spjelkavika.

Spjelkavika i 2016.

Matrikkelgarden Spjelkavik, gardsnummer 24 i Borgund og Ålesund, ligg ved sjøen for austenden av Borgundfjorden. Bygda og den seinare bydelen Spjelkavik omfattar også matrikkelgardane Remvik, Spjelkaviknes, Spjelkavikgjerdet, Nedregarden, Lillestølen, Prestesetra og Vasstrand.

Frå 1910-talet voks det fram mykje industri i Spjelkavik. Spjelkavikelva frå Brusdalsvatnet til Borgundfjorden vart utbygt i 1917. Ho gav straum til mellom anna fiskeutstyrprodusenten Spilkevig. Her var òg store verksemder som laga skotøy, møblar og plaststoff. Størstedelen av industrien er avvikla eller utflytt. Sidan 1980-åra har Spjelkavika, gjennom forretningområdet Moa, vakse fram til å verte eit avlastningssenter for Ålesund sentrum. Moa ligg heilt i utkanten av bydelen Spjelkavika, i grenseområda mot Åse og Furmyr.

Spjelkavika er eit ferdslekryss, både E 39 og E 136 møtest og passerer bydelen. Til Ålesund sentrum er det ca. 12 km frå busstasjonen på Moa.

Kjelder endre

  • Harald Grytten: Byleksikon I, 1997