Sporvognstrafikk i Oseania

Sporvognstrafikk i Oseania er i dag lite utbreidd. Hovudsakleg har ein brukt sporvogner i byar i Australia og New Zealand, der dei fleste større nettverka blei lagt ned i løpet av 1900-talet. I dag har Melbourne eit stort og Adelaide eit mindre sporvognsystem medan Sydney har nyinnført bybane. Restaurerte eldre sporvogner er i trafikk i Ballarat, Bendigo, Christchurch og Perth.

Trikk i Christchurch på New Zealand.
Trikk og passasjerar i Sydney i 1949.

Historie endre

I løpet av 1800-talet blei det laga ei rekkje trikketenester i Australia og New Zealand.

Sydney byrja med hestesporvogn i 1861 før byen gjekk over til dampdrivne sporvogner som blei erstatta av elektriske trikkar rundt hundreårsskiftet. Melbourn sitt private kabelnettverk, grunnlagd i 1885, voks til å bli det største i verda sist på 1800-talet. Dei siste kabeltrikkane blei fasa ut i 1940-åra. Rockhampton i Queensland hadde dampsporvogn. Elles hadde ei rekkje provinsbyar i New South Wales, som Maitland, Broken Hill og Newcastle, delstatsdrivne sporvognnettverk, medan gruvebyar som Bendigo og Ballarat i Victoria og Kalgoorlie og Leonora i Western Australia hadde elektriske sporvegar.

Hobart og Brisbane fekk dei første elektriske nettverka i høvesvis 1893 og 1897. Hobart var den første byen på den sørlege halvkula til å innføra eit elektrisk trikkesystem.

I New Zealand byrja ein bruka hestesporvogn i Nelson i 1862, dampsporvogn i Thames i 1871 og elektrisk sporvogn i Maori Hill i Dunedin i 1900.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre