Spotify

Spotify (samantrukke av spot og identify [1]) er eit svensk rettigheitsverna musikkstreamingprogram som gjev brukarane høve til å lytta til eit internettbasert lydbibliotek.

Spotify logo13.png

Spotify har vorte utvikla sidan 2006 av ei gruppe ved Spotify AB i Stockholm. Firmaet Spotify vart etablert av Daniel Ek og Martin Lorentzon, delgrunnleggjar av TradeDoubler, i Stockholm. Selskapet er lokalisert i Storbritannia og Sverige.

I Noreg kan Spotify Premium kjøpast hos Narvesen, 7-Eleven/Shell-7-Eleven, Rimi og ICA.. Ein kan òg kjøpa songar for direkte nedlastning i Spotify, og ein kan då nytte dei nedlasta musikkfilene fritt (kjøpetenesten leverast av 7digital).

Programmet kan lastast ned og tilbyd to betalprodukt (Premium og Unlimited) og to gratisprodukt med reklame (Free og Open). Gratisprodukta er berre tilgjengelege i Noreg, Sverige, Storbritannia, Frankrike og Spania, medan betalprodukta i tillegg er tilgjengelege i Finland, Tyskland, Italia, Polen og Estland.

Spotify tilbyr musikk frå mange av dei store plateselskapa; mellom anna Universal, EMI og Warner Music.

Spotify PremiumEndra

Ein kan kjøpa "Premium Membership" for ei månadsavgift på kroner 99 (NOK) og få tilgang til alle songar utan reklameavbrot, samt få betre lydkvalitet (320 kbps). Ein får òg høve til å høyra spelelister når ein ikkje er tilkopla internett (offline) via mobiltelefon og liknande. Ein kan høyra musikk så mykje ein vil og ein får ingen reklame.

Spotify UnlimitedEndra

Tidlegare kunne ein kjøpa "Daypass" for 9 kroner (NOK), men det har vorte erstatta av "Unlimited" (49 kroner i månaden), som tilbyd tilgang til heile Spotify-biblioteket. Du kan ikkje høyra på musikk "offline" med Unlimited, men du slepp reklamen.

Spotify FreeEndra

Om ein har ein invitasjon, kan ein få "Spotify Free". Då har ein tilgang til alle songane i Spotify-biblioteket, men vil få spelt reklame mellom songane, samt at det vert synt reklame i hovudvindauget.

Spotify OpenEndra

Dette liknar Spotify Free, men er tilgjengeleg for alle (ingen invitasjon trengst). Til gjengjeld er det fastsett ei maksimal lyttegrense på 20 timar i månaden.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra