Tigre (tidlegare skrive tigré)[2] er eit semittisk språk som blir snakka i vestre Eritrea og nordaustre Sudan av over 1 million menneske. Det er i nær slekt med tigrinja, og stammar som dette frå geez. Tigrefolka som snakkar språket er tradisjonelt husdyrnomadar, og dei fleste er muslimar.

Tigre
ቲግሬ Tigre, ኻሳ Xasa
Klassifisering Afroasiatisk
 Semittisk
  Sørsemittisk
   Etiopisk
    Nordetiopisk
     Tigré
Bruk
Tala i  Eritrea
 Sudan
Tigretalande i alt 1 050 000 i Eritrea[1]
Språkkodar
ISO 639-2 tig
ISO 639-3 tig

Tigre blir i dag skrive med geez-skrift, men brukte tradisjonelt arabisk skrift. Tigre har hatt nær kontakt med arabisk gjennom tidene, og har fleire arabiske lånord enn andre etiopiske semittiske språk.[3]

Fonologi endre

Konsonantar
Labialar Dentalar Palatalar Velarar Faryngalar Glottalar
Nasalar m n
Stop Ustemd (p) t č [tʃ] k ʔ
Stemd b d ǧ [dʒ] ɡ
Ejektivar (pʼ) č' [tʃʼ]
Frikativar Ustemd f s š [ʃ] (x) ħ h
Stemd z ž [ʒ] ʕ
Ejektiv
Approksimantar l y [j] w
Rotiske r
Vokalar
Fremre Sentral Bakre
Trong i ə [ɨ] u
Midtre e o
Open a, ā [aː]

Kjelder endre

  1. Ethnologue-tal frå 2006
  2. Normert namn på norsk, jf. Protokoll fra styremøte 24. februar 2021, sprakradet.no
  3. Maria Bulakh; Leonid Kogana (February 2011), «Arabic influences on Tigre: A preliminary evaluation», Bulletin of the School of Oriental and African Studies (74): 1–39 

«tigre» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff endre