Språkgrein

(Omdirigert frå Språkgruppe)

Språkgruppe eller språkgrein er ei gruppe nærskylde språk som kan førast tilbake til eit felles urspråk. Germanske språk er til dømes ei språkgruppen som kan førast tilbake til urgermansk, medan nordiske eller nordgermanske språk kan førast tilbake til urnordisk. Språk som ikkje kan plasserast inn i ei språkgruppe blir kalla isolerte språk.

Kart over dei største språkgruppene i verda. Større språkgrupper blir gjerne kalla språkfamiliar.

Mange språkgrupper kan sammenfattast til større språkgrupper. Dei største språkgruppene ein har kunna stadfesta sikkert blir gjerne kalla språkfamiliar. Også desse kan truleg sammenfattast vidare, men desse større einingane, såkalla makrofamiliar, er svært usikre ettersom dei eventuelle urspråka som bind dei saman ligg såpass langt tilbake i tid.

Det finst ingen skarpe grenser for kor stor eller åtskilt ei språkgruppe må vera for å kunna kallast språkfamilie eller makrofamilie. Dette byggjer på faglege tradisjonar og overeinskomstar.

Kjelder endre

  • Simonsen, Hanne Gram, Språk (2013, 15. mai), Store norske leksikon. Henta 21. august 2013.