Språkstrid
Språkstrid eller målstrid er uttrykk nytta om diskusjonar kring språkbruk i mange land.
Noreg har ein pågåande og til tider heftig språkstrid som gjeld dei to målformene bokmål og nynorsk. Men i mange andre land au er det språkstridar. Det kan gjelde stillinga til heilt ulike språk, som fransk og flamsk i Belgia, men au vera ein strid mellom nærskylde språk som dei to målformene i Noreg. Såleis striden mellom kastiljansk og katalansk i Catalunya, og mellom ukrainsk og russisk i Ukraina. Eit anna døme er striden som i førre hundreåret rasa mellom gamalgresk og nygresk i Hellas, og som enda med full siger for det nygreske målet (Sjå meir om dette i artikkelen målreising).
Det er språkstir i mange land, denne lista har berre nokre døme:
- Den norske språkstriden
- Den finske språkstriden
- Språkstriden mellom finsk og svensk i Finland
- Den belgiske språkstriden
- Den færøyske språkstriden
Meir kortvarige stidar kan ha gjeldt rettskrivingsreformar, som
- Majonæsekrigen i Danmark