I musikk vert støy skildra på forskjellige måtar som sur, ubestemt, ukontrollert, høglydt, umusikalsk eller uønskt lyd. Støy er ein viktig komponent i lyden til menneskerøysta og alle musikkinsrument, særleg for ikkje-tonehøgdsendra perkusjonsinstrument og elektriske gitarar (ved hjelp av forvrenging). Elektroniske instrument skapar forskjellige støyfargar. Tradisjonell bruk av støy er uavgrensa og brukar alle frekvensar som er assosiert med tonehøgd og klang, som kvitstøydelen av ein trommevirvel og ei skarptromme, eller transientar som finst i prefiksen i lyden til somme orgelpiper.

Jimi Hendrix revolusjonerte rock og jazz med å bruke støy gjennom teknikkar som feedback, forvrenging, wah, fuzz, dissonans og høgt volum.
Ein Dolby 361 A-type støyreduksjonsmodul.

Påverknaden av modernisme tidleg på 1900-talet fekk komponistar som Edgar Varese til å utforske bruken av støybaserte klangar i ein orkestersetting. I same perioden skapte den italienske futuristen Luigi Russolo eit «støyorkester» ved hjelp av instrument han kalla intonarumori. Seinare på 1900-talet vart omgrepet støymusikk nytta om verk som hovudsakleg bestod av støybasert lyd.

I meir generell bruk vert støy nytta om uønskt lyd eller signal. I denne samanhengen kan sjølv lydar som elles ville verte rekna som musikalske bli rekna som støy, om dei forstyrrar mottakinga av eit signal som mottakaren ønskjer.[1] Motverking og reduksjon av uønskt lyd, frå suselydar til knirkande basstrommepedalar, er viktige i mange musikalske samanhengar, men støy vert òg nytta kreativt på mange måtar, og på somme måtar innan nesten alle sjangrar.

Kjelder endre

  1. Attali 1985, 27.
Bibliografi
  • Attali, Jacques. 1985. Noise: The Political Economy of Music, translated by Brian Massumi, foreword by Frederic Jameson, afterword by Susan McClary. Theory and History of Literature 16. Manchester: The Manchester University Press. ISBN 0-7190-1470-0 (cloth) ISBN 0-7190-1471-9 (pbk).