St. Anton am Arlberg er ein landsby og ein kommune i Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 165,8 km² og har i kring 2 500 ibuarar. St. Anton ligg i ein fjelldal heilt vest i Tirol, på grensa mot Vorarlberg, om lag 100 km vest for Innsbruck.

St. Anton am Arlberg, 2016
Utsyn mot St. Anton am Arlberg

Landsbyen St. Anton ligg 1284 meter over havet, og er ein av dei mest kjende vintersportstadene i Austerrike. Næringslivet er i all hovedsak basert på turisme, særleg skiturisme. I kommunen er fleire hotell og eit stort alpinanlegg med mange skiheisar. St. Anton har totalt 280 km med alpinløyper. VM i alpine greiner 2001 vart arrangert i kommunen.

Skirennarane Franz Gabl og Karl Schranz er frå St. Anton.

Kjelder endre