St. Neots
St Neots er ein by i grevskapet Cambridgeshire i England. Han har kring 26 500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Great Ouse og er den største byen i Cambridgeshire med status som town, sidan både Cambridge og Peterborough har status som city. Byen er kalla opp etter den korniske St. Neot. Skjelettet hans vart stolen frå landsbyen St Neot i Bodmin Moor og gøymd i det nærliggande klosteret med same namn.
St. Neots | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cambridgeshire | |
Distrikt | Huntingdonshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
26 356 | |
Koordinatar | 52°14′N 0°16′W / 52.233°N 0.267°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PE19 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1480 | |
Pilegrimshandelen førte velstand til byen og han fekk marknadsrettar i 1130.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Neots» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011.