Stacy Renée Dragila, fødd Mikaelson, (fødd 25. mars 1971) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i stavhopp 1999 og 2001 og olympisk meister i 2000.

Stacy Dragila


Statsborgarskap USA
Fødd 25. mars 1971 (53 år)
Auburn
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Dragila byrja med mangekamp, men midt på 1990-talet gjekk ho for fullt inn for stavhopp, den gongen ei ny øving i kvinne-friidrett. Ved innandørs-VM 1997 i Paris svinga ho seg over 4,40 og sette ny verdsrekord innandørs.

I åra frå 1999 til 2003 sette Dragila årleg verdsrekord i stavhopp. Den 21. august 1999 gjekk ho over 4,60 m, medan ho den 23. juli 2000 klarde 4,63 m. Ho auka til 4,70 m den 28. april 2001 og til 4,71 m den 9. juli i 2002. Hennar siste verdsrekordnotering, 4,81 meter oppnådde ho 9. juni 2003.

Ved friidretts-VM 1999 i Sevilla vann Dragila gullmedaljen, framom Anzjela Balakhonova og Australias Tatiana Grigorieva. Under dei olympiske leikane 2000 i Sydney sikra ho seg OL-gullet, sterkast utfordra av Grigorieva på sølvplass og den islandske bornsevinnaren, Vala Flosadóttir. Året etter forsvarte Dragila VM-tittelen i stavhopp i Edmonton, med Svetlana Feofanova og Monika Pyrek på dei andre medaljeplassane.

Dragila vart nummer fire i Paris-VM 2003 og sette landsrekord då ho vart nummer to etter Jelena Isinbajeva ved innandørs-VM 2004 i Budapest. Sommaren 2004 gjekk ho over 4,83 meter under eit stemne i Ostrava og sette sin gjeldande personlege rekord. Men både under Sommar-OL 2004 og friidretts-VM 2005 bomma ho i kvalifiseringa.

Etter to år med skadar var Dragila i 2008 i stand til å ta seg over 4,70 meter, derimot lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til Sommar-OL i Beijing. Ho deltok i friidretts-VM 2009 og rauk ut i kvalifiseringa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre