Stade de France er eit stadionanlegg i Saint-Denis i Frankrike, med plass til 81 338 tilskodarar. Sjølv bana er 119 meter lang og 75 meter brei. Anleggeet, som er fransk nasjonalstadion for idrettsgreinene fotball og rugby, vart bygt til VM i fotball 1998.

Stade de France

Arrangement endre

Stadion vart offisielt opna 28. jaunar 1998. Finalen i fotball-VM 1998 mellom vertslandet Frankrike og Brasil vart spelt her i juli same året. Sidan har VM i friidrett 2003 og finalane i rugby-VM 2007 og fotball-EM 2016 vorte avvikla på Stade de France.

Kvar sommar sidan opninga har det vorte arrangert minst ein konsert med kjende publikumsmagnetar i musikkindustrien.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre