Opna hovudmenyen

Koordinatar: 63°30′42.574″N 10°0′50.537″E Stadsbygd er ein tidlegare kommune i tidlegare Sør-Trøndelag fylke, som opphavleg femna det meste av tidlegare Rissa kommune og austlege delar av dagens Agdenes kommune. Stadsbygd er i dag ei bygd og eit sokn i Indre Fosen kommune, lengst sør på Fosenhalvøya ut mot Trondheimsfjorden. Soknet utgjer den sørlegaste delen av kommunen. Bygda er mykje prega av jordbruk. «Staværingsbåten» er kjent frå ferdene frå Stadsbygd til Lofotfisket.

Namnet Stadsbygd kjem av norrønt staðr, som stammar frå namnet på halvøya som stikk ut i fjorden.

InndelingshistorikkEndra

I 1860 vart Rissa skilt ut frå Stadsbygd kommune. Det som stod att av Stadsbygd femna grender på begge sidene av Trondheimsfjorden. I 1964 vart delen av Stadsbygd nord for Trondheimsfjorden slått saman med Rissa og områda av Stjørna kommune sør for Stjørnfjorden til nye Rissa kommune. Samstundes vart Ingdalen på sørsida av Trondheimsfjorden slått saman med Agdenes til nye Agdenes kommune.

KjelderEndra