Stadsstadgorna

(Omdirigert frå Stadsstadgor)

Stadsstadgorna var eit samleomgrep for bylover i Sverige som omfatta Ordningsstadgan (ordningslova) (frå 1868) i tillegg til Brandstadgan (brannlova), Byggnadsstadgan (bygningslova) og Hälsovårdsstadgan (lov for helsevesen) (frå 1874). Stadsplanelag (byplanleggingslova) frå 1907 brukar ein å inkludere i desse. Alle stadgorna (vedtektene) gjaldt obligatorisk i städer (byane) (derav nemninga). I köpingar gjaldt alltid brannlova og bygningslova, i tillegg til byplanleggingslova. Dei øvrige vedtektene kunne ein frivillig la gjelde. Om ein tettstad voks fram i ein landskommun kunne ein opprette eit municipalsamhälle, der ein eller fleira av stadsstadgorna skulle gjelde. Unnataksvis kunne stadsstadgor regulerast til å gjelde i heile landskommunen, som til dømes i Domnarvet 1929-1943.

Etter kommunreforma i 1952 vart med tida fleire av stadsstadgorna avskaffa og vart erstatta av allmenne lover som gjaldt i heile Sverige, uavhengig av kommunetype. Dette gjaldt ordningsstadgan (1958), hälsovårdsstadgan (1960) og brandstadgan (1963). Skilnaden mellom kommunetypane vart dermed mindre og staden og köpingen kunne til slutt heilt avskaffast i 1971.

Kjelder endre