Kadijivka
Kadijivka (ukrainsk Кадіївка og russisk Кадиевка) eller Stakhanov (Стаханов) er ein by i Luhansk oblast (provins) aust i Ukraina. Byen er eit eige rajon (distrikt) i oblastet. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.
Kadijivka Stakhanov | |||
ukrainsk Кадіївка, Стаханов russisk Кадиевка, Стаханов | |||
by | |||
Mir kino i Stakhanov
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Luhansk oblast | ||
Del av | Q4504166 | ||
Koordinatar | 48°34′N 38°39′E / 48.567°N 38.650°E | ||
Areal | 91,8 km² | ||
Folketal | 79 010 (2011) | ||
Folketettleik | 861 / km² | ||
Kadijivka 48°32′50″N 38°38′10″E / 48.547222222222°N 38.636111111111°E | |||
Kart som viser Kadijivka.
| |||
Wikimedia Commons: Kadiivka |
Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2011). Økonomien i byen er basert på bygging av jernbanevogner, eit ferrolegeringsverk og kolgruvedrift.
Historie og namn
endreFør 1937 og frå 1940 til 1978 heitte byen Kadijevka (russisk Кадиевка) eller ukrainsk Kadijivka (ukrainsk Кадіївка). Han fekk namnet «Stakhanov» etter den sovjetiske gruvearbeidaren Aleksej Stakhanov, som starta karrieren sin her. Frå 1937 til 1940 hadde byen namnet «Sergo» (ukrainsk Серго). Ukrainske styresmakter endra i 2016 namnet på byen fra Stakhanov til Kadijivka, men styresmaktene i folkerepublikken Luhansk godtok ikkje dette.[1]
Ein arbeidsleir for tyske krigsfangar vart oppretta her under andre verdskrigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stakhanov, Ukraine» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «ВР перейменувала низку населених пунктів у зоні АТО на непідконтрольній Україні території Донбасу у рамках декомунізації». Інтерфакс-Україна (på ukrainsk). Henta 21. juni 2020.