Kadijivka (ukrainsk Кадіївка og russisk Кадиевка) eller Stakhanov (Стаханов) er ein by i Luhansk oblast (provins) aust i Ukraina. Byen er eit eige rajon (distrikt) i oblastet. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.

Kadijivka
Stakhanov
ukrainsk Кадіївка, Стаханов
russisk Кадиевка, Стаханов
by
Mir kino i Stakhanov
Land  Ukraina
Oblast Luhansk oblast
Del av Q4504166
Koordinatar 48°34′N 38°39′E / 48.567°N 38.650°E / 48.567; 38.650
Areal 91,8 km²
Folketal 79 010  (2011)
Folketettleik 861 / km²
Kart
Kadijivka
48°32′50″N 38°38′10″E / 48.547222222222°N 38.636111111111°E / 48.547222222222; 38.636111111111
Wikimedia Commons: Kadiivka

Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2011). Økonomien i byen er basert på bygging av jernbanevogner, eit ferrolegeringsverk og kolgruvedrift.

Historie og namn endre

Før 1937 og frå 1940 til 1978 heitte byen Kadijevka (russisk Кадиевка) eller ukrainsk Kadijivka (ukrainsk Кадіївка). Han fekk namnet «Stakhanov» etter den sovjetiske gruvearbeidaren Aleksej Stakhanov, som starta karrieren sin her. Frå 1937 til 1940 hadde byen namnet «Sergo» (ukrainsk Серго). Ukrainske styresmakter endra i 2016 namnet på byen fra Stakhanov til Kadijivka, men styresmaktene i folkerepublikken Luhansk godtok ikkje dette.[1]

Ein arbeidsleir for tyske krigsfangar vart oppretta her under andre verdskrigen.

Kjelder endre