Stalheimskleivi

(Omdirigert frå Stalheimkleiva)

60°50′19″N 6°41′12″E / 60.8385°N 6.6868°E / 60.8385; 6.6868

Stalheimskleivi cirka 1910. Ein ser Stalheimsfossen i bakgrunnen og på toppen ser ein Stalheim Hotell.

Stalheimskleivi er ei 1,5 km lang, svingete og bratt kleiv ved Stalheimsfossen i Voss herad i Vestland. Vegen er bygd etter den franske chaussé-metoden, så stigninga er ikkje meir enn 1:20. Vegstrekningen har 14 krappe svingar oppover mot Stalheimsberget, der Stalheim Hotell står. Vegen vart bygd i åra 1842 – 1849 og opp til 1000 mann var i arbeid. I 1937 vart vegen utvida, slik at det vart framkomeleg for bilar. I 1980 vart vegen, som er ein del av E 16 lagt i tunnel.

Bakgrunnsstoff endre