Stampede av The Doobie Brothers

Stampede
Studioalbum av The Doobie Brothers
Utgjeve 25. april 1975
Innspelt 9. september til 6. oktober 1974
Studio Warner Bros. Studios i North Hollywood, Burbank Studios i Burbank i California, Curlom Studios i Chicago og The Record Plant i Sausalito. «I Been Workin' on You» spelt inn i Creative Workshop i Nashville
Sjanger Rock
Lengd 40:50
Selskap Warner Bros.
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi
What Were Once Vices Are Now Habits
(1974)
Stampede Takin' It to the Streets
(1976)


Singlar frå Stampede
  1. «Take Me in Your Arms (Rock Me)» / «Slat Key Soquel Rag»
    Utgjeve: 23. april 1975
  2. «Sweet Maxine» / «Double Dealin' Four Flusher»
    Utgjeve: 8. juli 1975
  3. «I Cheat the Hangman» / «Music Man»
    Utgjeve: 12. november 1975

Stampede er det femte studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve den 25. april 1975 på Warner Bros. Records. Det var det siste albumet deira før Michael McDonald erstatta Tom Johnston som solovokalist og viktigaste låtskrivar. Albumet selde til gullplate i USA.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Great Rock Diskografi5/10[3]
Rolling Stone(middels)[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

Innspeling og innhaldEndra

Stampede var meir stilmessig variert enn tidlegare, og kombinerte element av den gamle stilen deira, i tillegg til countryrock, funk og visesong. Det var mange gjestemusikarar på albumet, som Maria Muldaur, Ry Cooder og Curtis Mayfield.

Dette var det første albumet deira med Jeff «Skunk» Baxter som fulltidsmedlem i bandet. Han hadde tidlegare spelt på eit par songar som gjesteartist på to tidlegare album og turnert med bandet.

Den første og mest suksessrike singelen frå albumet var «Take Me in Your Arms (Rock Me)» den 23. april 1975, ein klassisk Motown-songen skriven av den legendariske låtskrivartrioen Holland-Dozier-Holland. Tom Johnston hadde ønskt å spele inn songen i årevis. Johnston sa: «Eg tenkte det ville vere ein knallbra song å spele. Det er truleg ein av favorittsongane mine gjennom tidene. Eg tenkte vår versjon vart særs bra.»

Den neste singelen kom ut 8. juli 1975 og var «Sweet Maxine», som var meir lik dei tidlegare Doobie Brothers-songane. Johnston sa «Pat skreiv musikken til denne og eg skreiv teksten. Og Billy Payne var sterkt delaktig i utforminga av lyden på songen, på grunn av det utrulege klaverspelet hans.» Songen nådde berre 40. plassen på Billboard-lista.

Den tredje og siste singelen var Patrick Simmons sin «I Cheat the Hangman», som kom ut 12. november 1975. Det er ein roleg, outlaw-ballade som var inspirert av soga An Occurrence at Owl Creek Bridge av Ambrose Bierce. Simmons sa «Han handlar om eit spøkjelse som kjem heim etter borgarkrigen og ikkje forstår at han er daud.» Albumversjonen av songen er ein progressive rockesong med strykarar, blåsarar og synthesizer. Simmons sa vidare «Med spelte inn songen, og me sleit med å kome opp med ein slutt - eg tenkte på synthesizer og gitarsoloar. Ted Templeman tenkte på det, og så spelte han songen for arrangøren Nick DeCaro for å få idear til orkestrering. 'Night on Bald Mountain' av Mussorgsky inspirerte oss til villskapen i strykarane, og Nick kom opp med denne korgreia på slutten.» Den ambisøse singelen nådde berre 60. plassen på singellista.[6]

«Neal's Fandango» var inspirert av Santa Cruz-fjella og var ein hyllest til Neal Cassady, som var Merry Prankster-bussjåfør og tidlegare Jack Kerouac sin svirebror i On The Road. Han vart stundom spelt på radio i San Francisco Bay Area-området.

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Sweet Maxine»Tom Johnston, Patrick SimmonsJohnston4:26
2.«Neal's Fandango»SimmonsSimmons3:20
3.«Texas Lullaby»JohnstonJohnston5:00
4.«Music Man»JohnstonJohnston3:34
5.«Slack Key Soquel Rag»Simmonsinstrumental1:54


Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
6.«Take Me in Your Arms (Rock Me)»Holland–Dozier–HollandJohnston3:39
7.«I Cheat the Hangman»SimmonsSimmons6:38
8.«Précis»Jeff Baxterinstrumental0:56
9.«Rainy Day Crossroad Blues»JohnstonJohnston3:45
10.«I Been Workin' on You»JohnstonJohnston4:22
11.«Double Dealin' Four Flusher»SimmonsSimmons, Knudsen, Johnston3:30

MedverkandeEndra

The Doobie Brothers:

Additional Musikars:

ProduksjonEndra

  • Produsent: Ted Templeman
  • Lydteknikar: Donn Landee, Travis Turk
  • Konsertmeister: Harry Bluestone på «Rainy Day Crossroad Blues»
  • Strykearrangement:
    • Nick DeCaro på «Texas Lullaby», «I Cheat the Hangman» og «Rainy Day Crossroad Blues»
    • Curtis Mayfield på «Music Man»
    • Paul Riser på «Take Me in Your Arms (Rock Me)»
  • Blåsararrangement:
    • Curtis Mayfield på «Music Man»
    • Paul Riser på «Take Me in Your Arms (Rock Me)», «Sweet Maxine» og «Double Dealin' Four Flusher»
  • Orkestrering: Richard Tufo på «Music Man»
  • Design: Barbara Casado, John Casado
  • Fotografi: Jill Maggid, Michael Maggid
  • Kunstnarisk leiar: Ed Thrasher

SalslisterEndra

Album

År Liste Plassering
1975 Pop Albums 4

Singlar

År Singel Liste Plassering
1975 «Sweet Maxine» Pop Singles 40
1975 «Take Me in Your Arms (Rock Me)» Pop Singles 11
1976 «I Cheat the Hangman» Pop Singles 60

KjelderEndra

  1. Bruce Eder. «Stampede - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 4. november 2020. 
  2. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  3. Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  4. Jim Miller (3. juli 1975). «The Doobie Brothers: Stampede». Rolling Stone. Henta 4. november 2020. 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8. 
  6. «Old Black Water Keep on Rollin': 30 Years of the Doobie Brothers». Long Train Runnin': The Doobie Brothers 1970 - 2000 (CD Booklet). The Doobie Brothers. Warner Bros. Records. 1999. s. 33. 75876.