ABC Startsida.no

(Omdirigert frå Startsida.no)

ABC Startsida.no er ein av dei eldste og mest populære nettportalane i Noreg.[treng kjelde] Portalen vart oppretta i 1996 som ABC Startsiden.no. Per 22. desember 2005 var portalen, med 640 000 unike brukarar dagleg, mellom dei tre mest nytta norskspråklege nettstadaneverdsveven. Per 20. februar 2022 er ikkje lenger sida på nynorsk.

I si eiga filosofi-erklæring skriv ABC Startsida.no at dei skal tilby ei teneste med høg kvalitet, utan «design eller finesser som ikkje er naudsynte». Dei legg òg vekt på å ha ein fri redaksjon, og at innhaldet ikkje skal vere forma etter økonomiske interesser.

Frå å vere ein rein nettportal då sida vart lansert, har redaksjonen vorte utvida i fleire retningar. Mellom anna har ABC Startsida eit eige nyhendemagasin, ABC Nyheter (tidlegare kjend som Neste Klikk), ein chat-teneste, WAP-tenester og Blog-teneste, mellom mykje meir.

Selskapet, som er heileigd av Telenor er særs lønsamt, og har gått med overskot frå 1999 til 2006. Omsetnaden auka med om lag 70% frå 2004 til 2005.

NynorskEndra

Den 17. mai 2005 lanserte ABC Startsiden.no, i samarbeid med Noregs Mållag ein nynorsk tvillingportal til den opphavlege bokmålsportalen. Føremålet med lanseringa var at ABC Startsida.no skulle vere ein vegopnar for nynorsk innhald på internett. I pressemeldinga frå selskapet heitte det at «Startsiden gjer det VG og Dagbladet ikkje vil...». Dei to versjonane er heilt identiske med kvarandre i utforming og innhald.

Per mars 2006 har den nynorske portalen dagleg 5500 unike vitjarar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra