Statsbankerott
Statsbankerott er det at ein stat lèt vere å oppfylla dei betalingsmessige forpliktingane sine, og derfor kan seiast å vera konkurs eller bankerott.[1] Dette kan visa seg ved at staten ikkje innløyser pengesetlar som han har utskrive, at han ikkje betaler skuldige renter og avdrag på statsgjeld, tvangskonverterer statsobligasjonar eller gjennomfører andre einsidige endringar i lånevilkåra.
Statsbankerott kan anten skje ved at staten set tilside inngåtte forpliktingar i ein kortare eller lengre periode, eller at han tek ei definitiv avgjerd der han erklærer gjelda si for bortfallen eller redusert i eit visst forhold. Ein slik reduksjon vil som oftast danna avslutninga på ein periode der staten faktisk har vore ute av stand til å oppfylla forpliktingane sine. I så fall medfører statsbankerott som regel ikkje noka ytterlegare degradering av stillinga frå kreditorane, og vil ho ofte gjerne føra til at desse no får noko i staden for ingenting. Det som likevel karakteriserer akta som ein bankerott, er konstateringa av at staten no ugjenkalleleg erklærer at alle forsøk på atter å føra forholda på fote er gjevne opp.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Statsbankerott» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2024.