Opna hovudmenyen
Det norske Ministerhotellet i Stockholm.

Norsk statsminister i Stockholm var tittelen på eit statsrådsembete frå 1873 til 1905 i Unionen mellom Sverige og Noreg. Noreg sin statsminister i Stockholm hadde etter 1873 rang etter statsminister i Kristiania, men før dette rang framom. Statsministeren i Stockholm leia den norske statsrådsavdelinga der, som hadde hovudsete på Ministerhotellet.

Etter at unionen med Sverige tredde i kraft i 1814 vart den norske regjeringa todelt, med ei avdeling i Kristiania og ei i Stockholm. I den norske grunnlova vart det november 1814 i paragraf 15 teke inn:

«Hos Kongen forbliver stedse, under Hans Ophold i Sverige, den Norske Statsminister og tvende af Statsraadets Medlemmer, hvilke sidste aarligen omskifte.»

Frå 1814 til 1873 hadde Norges statsminister tilhald ved statsrådsavdelinga i Stockholm. I hans fråver vart Noregs regjering i Kristiania leia av ein førstestatsråd. Frå 1873 til unionsoppløysinga i 1905 heldt Noreg sin statsminister til i Kristiania, og den norske statsministeren i Stockholm vart hans representant og leiar for statsrådsavdelinga i Stockholm.

I løpet av unionen med Sverige fanst det fleire embete med tittelen «statsminister»: Svensk statsminister, Norsk statsminister, Justitie-statsministern, Statsministern för utrikes ärendena og Norsk statsminister i Stockholm.

Norske statsministrar i StockholmEndra

BakgrunnsstoffEndra