Status quo ante bellum

Status quo ante bellum er eit omgrep som kjem frå latin og tyder bokstavleg talt slik ting var før krigen. Omgrepet vart opphavleg nytta i fredsavtaler for å vise til tilbaketrekkinga av fiendtlege styrkar og gjenopprettinga av leiarskapet før krigen. Då det vart brukt slik, tydde det at ingen av sidene fekk eller mista territorium eller økonomiske og politiske rettar. Motsetnaden er uti possidetis der kvar side får halde på det territoriet eller eigendelar ein har ved slutten av krigen.

Sjå òg endre