Steady-state-teorien

Steady-state-teorien er ein modell for universet der ein tenkjer seg at dette er uendeleg i tid og rom. Føresetnaden for denne modellen er at universet i stor skala er likt overalt og til alle tider. Når ein så observerer at universet utvidar seg, det vil sei at avstandar mellom fjerne galaksar aukar med tida, må det følgjeleg stadig skapast ny materie i verdsrommet, slik at nye galaksar kan dannast. Teorien vart sett fram av dei britiske astronomane Hermann Bondi og Thomas Gold, og matematisk utforma av Fred Hoyle i 1948. Teorien er ikkje lenger aktuell.

Kjelder endre