Stefan Johansen

norsk fotballspelar

Stefan Marius Johansen (fødd 8. januar 1991) er ein norsk fotballspelar frå Vardø som har spela på landslaget i fotball sidan 2013. Sidan august 2016 har han spelt på den engelske Fulham FC i London. Per 16. oktober 2019 hadde midtbanespelaren delteke i 53 landskampar for Noreg og skåra 6 mål.

Stefan Johansen
Fødd 8. januar 1991
Fødestad Vardø kommune
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fulham
Nummer 8
Ungdomsklubbar
–2005 Vardø
2005–2006 Bodø/Glimt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007–2010 Bodø/Glimt 29 (0)
2011–2014 Strømsgodset 67 (8)
2014–2016 Celtic 73 (12)
Landslag
2006 Noreg U15 4 (1)
2007 Noreg U16 9 (3)
2008 Noreg U17 10 (3)
2009 Noreg U18 5 (1)
2010 Noreg U19 7 (1)
2012–2013 Noreg U21 6 (0)
2012 Noreg U23 1 (0)
2013– Noreg 53 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. mars 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 15. oktober 2019[1]

Johansen var Bodø/Glimt-spelar åra 2007-10. Han fekk sitt gjennombrot med Strømsgodset IF, eit lag han spelte på i tre sesongar, 2011-13. Sesongen 2013 var han den mest sentrale spelaren då laget frå Drammen vart norsk seriemeister for fyrste gong på 43 år. I januar 2014 vart han overført til den skotske toppklubben Celtic FC. Her vart han skotsk serievinnar i 2014 og 2015, i den sistnemnde sesongen vart han kåra til årets spelar i Skottland. I august 2016 gjekk turen til Fulham FC, ein klubb han våren 2018 var med å spele opp i Premier League.

Johansen skåra då Noreg tapte 2-4 mot Sverige i hans landslagdebut i august 2014. Sidan har Johansen hatt tilnærma fast plass i Noregs landslagsellevar. Frå mai 2016 har han også jamnast vore landslagskaptein. Han skåra begge måla då Noreg i september 2018 vann 2-0 over KyprosUllevål stadion i Oslo.

Kjelder

endre
  1. Stefan Johansen fotball.no