Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°49′0″N 10°36′32″E

Steilene på vestsida av Nesodden.
Kart over Steilene
Fyrsteilene med fyret
Steilene i 1917
Steilene i 1917

Steilene er ei øygruppe på vestsida av Nesodden i Indre Oslofjord, i nærleiken av Alværn på fastlandet. Øyane er offentleg friluftsområde, men var i ein lang periode på 1900-talet ei viktig importhamn for olje. Dei mange sylindriske oljetankane som stod her i si tid, og som vart fjerna etter at verksemda tok slutt i 1960-åra, var synlege på lang lei og prega dette partiet av fjorden. Nokre bygningar som vart teke vare på frå denne tida, vert no brukt til andre føremål, mellom anna til korttidsutleige som fritidsbustad i regi av Oslofjordens Friluftsråd. Her er òg småbåthamn, toaletter, grassletter, sandstrand, dusjanlegg.

Øya som Steilene fyr ligg på, er eigd av staten. Dei andre øyane er eigd av Nesodden kommune.

Dei fem øyaneEndra

Nærast fastlandet ligg øya Landsteilene (eller Landsteila), som har samband med øya Persteilene (eller Persteila) i sørvest over ei smal steinfylling. Utanfor desse to øyane ligg øya Storsteilene (eller Storseila), deretter den vesle øya Knerten, som er fuglereservat. Her er det forbode å gå i land i hekketida mellom 15. april og 15. juli, og båtar skal då halde seg på ein avstand av minst femti meter frå øya.

Heilt yst ligg øya Fyrsteilene (eller Fyrsteila), som fekk dette namnet då det fyrste vesle fyret vart bygd her i 1827 av skipsreiarar i Christiania (Oslo). Lyskjelda var truleg eit talglys eller ei tranlampe utan lysforsterking. Ti år seinare, i 1837, kjøpte Christiania havnekommisjon øya, sette opp ein ny fyrbygning, og kravde i samband med dette ei avgift av alle fartøy som gjekk inn og ut av fjorden. Staten tok over fyret i 1879, og bygde i 1919 ein ny fyrbygning sør på øya. Talglyset eller tranlampa frå 1879 har med tida vorte avløyst av ein «rundbrennar» for feitolje, rundbrennaren vart erstatta med brennar for parafin, deretter ein brennar for acetylengass, og til sist vart fyret elektrifisert. Lyset har vorte forsterka med spegel, deretter med linser. Ei tåkeklokke vart sett opp i 1870-åra, erstatte med ei elektrisk drive klokke i 1920, seinare erstatta av ein tåkelur (nautafon).

Verksemda på Steilene gjennom tideneEndra

Alværn og Steilene hørte saman i gamal tid. Det er kjelder som syner at det har vore ein husmannsplass eller «strandsitterplass» i Alværn frå 1664/65. I 1732 er Steilene nemnd av presten Chr. Ruge mellom «husmannsplassar utan jord» på Nesodden. Rundt 1800 skal det ha budd ein fiskarfamilie ute på Steilene, truleg på Landsteilene eller Persteilene, og ikkje lenge etter kom den fyrste fyrvaktaren ute på Fyrsteilene.

I 1890 kjøpte petroleumshandlaren A. Hiorth og kompanjongar Landsteilene og Persteilene og bygde eit oljelager der. Christiania trengde stadig meir energi, og Steilene eigna seg godt til lagring av større kvanta petroleum. Her kunne byggjast kai for større skip, og det var berre litt over mila sjøvegen for vidare transport inn til byen. Ei konkurrerande verksemd, Det Norske Petroleumscompagni, etablerte eit lager på Storsteilene i 1895. Det som var av skog på Steilene vart hogd ned, kaianlegg vart bygd, og det vart bygd bru mellom Landsteilene og Persteilene. Nye hus vart reist, og ein tønnefabrikk for frakt av produkta vart etablert her ute. I denne tida vart petroleum frakta i trefat (tønner av tre) på vanlege lasteskip. Ofte vart det lossa over 10 000 fat frå eitt skip.

Hjorth og kompanjongen skipa i 1893 A/S Østlandske Petroleumskompagni saman med Standard Oil Company (Esso) i New Jersey i USA, og i 1898 kjøpte dette selskapet øyane med anlegga til både petroleumshandlaren A. Hiorth og kompanjongar og Det Norske Petroleumscompagni for kr. 200 000. Seinare endra A/S Østlandske Petroleumskompagni namnet til Standard, og i 1953 til A/S Norske Esso.

Etter kvart som talet på bilar auka og båtar fekk motorar i staden for kol- eller vedfyrte dampmaskinar, måtte nye sortar petroleumsprodukt få lagringsplass på Steilene. I 1920-åra vart det sett opp fleire og stendig større bensintankar. Bensinen hadde òg vorte levert i kanner og fat i den fyrste tida, men tankfartøya tok over. Den fyrste tanklektaren, «Bouvina», var faktisk i aktiv teneste til 1960-åra under namnet «Esso 16».

Det vart ei sterk auke i oljeomsetninga etter andre verdskrigen, og Esso bygde i 1954 eit tungoljeanlegg på Steilene. Ein tank på 10 000 kubikkmeter med pumpehus, blandingsrom, fyrrom med to dampkjelar vart sett opp, og dessutan fire nye tankar på til saman 21 400 kubikkmeter. I 1957 vart all tapping av produkt over på stålfat flytta frå Steilene til eit nytt tapperi på Sjursøya i Oslo, og Steilene vart i staden eit omlastingsanlegg for olje og bensin frå tankskip til tankar på land for vidare transport med tanklektarar inn til Oslo. Om lag femti importbåtar kom kvart år til Steilene, og storleiken på dei auka. Då raffineriet til Esso på Slagentangen i nærleiken av Tønsberg vart etablert i 1961, og omlegginga og nedlegginga på Steilene byrja, stod det på Steilene 23 tankar med ein kapasitet på til saman 70 millionar liter. Direkteimporten til Steilene vart med tida avgrensa til flybensin og petroleum, og arbeidsstokken vart utover i 1960-åra innskrenka til åtte mann. Mot slutten av 1960-åra var all verksemd på Steilene nedlagt. Alle tankane vart deretter rivne, og det einaste som står att av sjølve oljeanlegget, er eit vernebygg som den tyske okkupasjonsmakta bygde på Storsteilene under andre verdskrigen for å verne tankane mot flyåtak.

Namnet SteileneEndra

Namnet Steilene er tolka som ei forenkling av namnet Steileholmene, som ein trur syner til avretting av dødsdømde med «hjul og steile (stegl og hjul)». Dette kan tyde på at ei av øyane har vore nytta som avrettingsstad i farne tider. Men bortsett frå namnet, finst det ikkje opplysingar om at det har vore avretta folk på Steilene.

«Hjul og steile» var ein avrettingsmetode nytta her i landet frå mellomalderen til ut på 1700-talet for folk som hadde gjort seg skuldige i visse alvorlege brotsverk. Den dødsdømde fekk lemmane sine knust med køller, eller vart «radbrekt» med eit hjul (tysk: Rad). Kroppen vart deretter partert, og delane festa til eit hjul i toppen på ei stake, og såleis gjort godt synleg for dei som var i nærleiken. Avrettingar skulle vere offentlege, til skrekk og åtvaring for folk som kunne tenkje seg å gjere same type lovbrot. Ettersom Steilene stikk seg fram i hovudskipsleia i Oslofjorden langsetter Nesoddlandet, og dessutan ligg attmed viktige fiskeplasser, kan ei eller fleire av øyane ha vore godt eigna til føremålet.

BakgrunnsstoffEndra

Fotografi av SteileneEndra