Steinborg er ein gard nord på Fedje som ligg sentralt i hovudhamna i Kyrkjevågen. Garden vart skilt ut frå Vika i 1889 då det vart starta opp handel her. Ein del av materiala til forretninga som vart bygd då, kom frå den gamle kyrkja på Fedje, som vart riven då det vart bygd ny kyrkje i 1888.

Steinborg
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Feie Fiskarlag fekk skøyte her i 1955. I 1961 vart det bygd eit industribygg på eigedomen av Fedje Fryseri AS, der det vart drive fiskemottak og fiskeforedling. Selskapet gjekk konkurs i 1984 og Fedje kommune tok over bruket. I dag er dette kommunal kai og lagerbygg som har vore nytta som bensinstasjon. Industribygget har i dag vorte ein del av Muren.

På 1970-talet vart dei gamle forretnings- og bakeribygga rivne ned.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.