Opna hovudmenyen

Steinvikholmen festning er ei festningSkatval i Stjørdal kommune langt inne i Trondheimsfjorden. Festninga hadde si stordomstid frå 1525 til 1575 og har aldri vorte innteke i kamp. Festninga ligg på halvøya Steinvikholmen.

HistorieEndra

 
Kart frå 1875
 
Bilete teke frå sjøsida i 2007

Bygginga av Steinvikholmen festning vart byrja i 1525 av erkebiskop Olav Engelbrektson. Festninga var på mange vis utdatert allereie då ho vart bygd. Etter Reformasjonen i 1537 søkte Olav Engelbrektson ly i festninga for ei kortare tid etter at han vart avsett som erkebiskop av Nidaros. Han reiste vidare til Sverige og seinare Nederland, der han døydde året etter.

BakgrunnsstoffEndra