Tjuvjo

fugleart
(Omdirigert frå Stercorarius parasiticus)
Tjuvjo
Tjuvjo
Tjuvjo
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Tjuvjo
Utbreiinga av Tjuvjo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Jofamilien Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: Tjuvjo S. parasiticus
Vitskapleg namn
Stercorarius parasiticus

Tjuvjo (Stercorarius parasiticus) er ein sjøfugl i jofamilien, Stercorariidae. Lokale namn i Noreg inkluderer skoddejo i Trøndelag, leverjo i Nordland og mågeskit i Rogaland.[2] Han har sirkumpolar hekkeutbreiing rundt nordpolen, og trekker sørover til havområde ved kontinenta sør for ekvator når han ikkje hekkar.

Artsnamnet er skildrande for åtferda, tjuvjoar er ekstremt kleptoparasittiske, elegante flygarar som tvingar andre sjøfuglar til å gulpe opp føda, for så å snappe ho opp i lufta.

Skildring endre

Identifikasjon av tjuvjo er komplisert på grunn av likskapar med fjelljo og polarjo, og eksistensen av fargemorfar samt skilnader mellom sommar- og vinterdrakt. Tjuvjo er ein liten art i slekta, berre fjelljo er mindre. Kroppslengda er 37-44 centimeter og dei har 100–115 cm i vengespenn. I sommardrakt har tjuvjoar stjertspyd av dei to sentrale halefjørene, eit tillegg på 5-8,5 centimeter.[3] Kroppsmassen har eit variasjonsområde mellom ca. 380 til 510 gram, hoer har ca. 15-20 % større kroppsmasse enn hannfuglar.[4] Vaksne fuglar av lys morf har ei brun overside, hovudsakleg kvit underside og mørke primære vengefjører med ein kvit kontrastfull flekk, synleg som ein «blits» i flukta. Hovudet og halsen er gulkvite med ei svart hette. I vinterdrakt har den lyse morfen innslag av spragla gulbrunt og kvitt. Den mørke fjørdrakta er jamnt mørkebrun over det heile, og mellomfasefuglar er mørke med noko bleikare underside, hovud og hals. Alle morfar har den kvite vengeblitsen. Juvenile er spragla med tverrstriper.

Tjuvjoen er litt kraftigare, meir kortvenga og mindre terneliknande enn fjelljo. Dei er vanlegvis varmare tona, med brunare nyansar, i staden for grå. Likevel viser dei det same breie spekteret av fjørdraktvariasjonar. Flyginga er meir falkeaktig.

Det typiske lætet til desse fuglane er ein nasal, mjauande lyd, i spelet gjentatte nokre gongar. Varselropet deira er ein kortare «pjy».

Hekkeutbreiing endre

Tjuvjoen hekkar på tundra i kystnære strøk både i Alaska, arktisk Canada og på Grønland. I Europa er arten vanleg på Island, Færøyane og det nordlege Skottland og på den norske fastlandskysten. Han hekkar vidare austover langs nordkysten av Russland, rundt Tsjuktsjarhalvøya mot Beringsundet og sørover rundt Kamtsjatkahalvøya. Fuglen førekjem også spreidd langs Austersjøen og Bottenvika, og på øyane i Barentshavet inkludert Novaja Semlja.

Førekomst i Noreg endre

Arten er ein utprega kystfugl, som finst vanleg frå Møre og Romsdal og nordover. I Nord-Noreg også i større, men spreidde koloniar. Fuglane held seg til vanleg nær sjøen, men er også funne eit godt stykke frå havet på Varangerhalvøya. I sør finst fuglen lite vanleg somme stader, som på Vestlandet sør til Boknafjorden, på Skagerrakkysten og i ytre Oslofjorden. Den norske hekkebestanden er rekna til kring 5000-10 000 par per 2015. Fuglen er trudd å vere i tilbakegang i Noreg. I 2021 blei arten oppgradert frå nær truga til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[5]

Hekking endre

 
Tjuvjoegg

Tjuvjoane hekkar seint, og dei fleste egga vert lagde i juni, to veker tidlegare i Sør-Noreg enn nordpå. Til vanleg legg hoa to egg. Ruginga varer 26 døgn. Denne tida driv foreldra ofte med avleiingsmanøvrar, med ynkelege pipelydar og såra åtferd, men når ungane er klekte er dei vaksne fuglane til dels svært aggressive. Ungane kan flyge etter om lag ein månad, og held seg i denne tida i territoriet. Fuglane hekkar første gong når dei er 3-5 år gamle, og lever gjerne i livslange monogame tilhøve.

Trekktilhøve endre

Arten er ein utprega trekkfugl, tjuvjoar flyg helt sør til farvatn langs kysten av sørlege Afrika, Sør-Amerika, Australia og New Zealand der fuglane held seg gjennom vinterhalvåret i nord. Til dømes er tjuvjo den vanlegaste jo-arten som vert observert i havområda mellom New Zealand og Chathamøyane, ca. 44° sør.[6] Dei fleste norske tjuvjoane dreg frå hekkeplassane i september og kjem attende til Sør-Noreg seint i april, til Nord-Noreg i mai. Utanom hekketida viser tjuvjoane ein pelagisk livsførsel, oftast kvar for seg, men også i mindre grupper på 2-3 individ. På denne tida er det særleg alkefuglar, mindre måsar og terner som vert utsette for tjuvjoar som prøvar å rane til seg bytte.

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark tjuvjo Stercorarius parasiticus (Linnaeus, 1758) Henta 26. desember 2010
  2. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 322. 
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. Wiley, R. H. og D. S. Lee (2020). Parasitic Jaeger (Stercorarius parasiticus), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.parjae.01
  5. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av tyvjo Stercorarius parasiticus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 26. desember 2021
  6. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), s. 331, Penguin, 2005

Bakgrunnsstoff endre