Sterling Campbell

Sterling Campbell (fødd 3. mai 1964) er ein amerikansk trommeslagar som har arbeidd med fleire kjende artistar. Han vart kjend i 1986 då han turnerte med Cyndi Lauper på turneen hennar. I 1987 vart han med i Duran Duran. Campbell vart først hyrt inn som studiomusikar i 1993 av Soul Asylum, og spelte på halvparten av songane i 1992 på albumet deira Grave Dancer's Union, som vann ein Grammy for singelen «Runaway Train», og etter dette vart han fast medlem av bandet, og spelte med dei frå 1995 til 1998. Han byrja å spele inn musikk med David Bowie så tidleg som i 1991og fekk høvet til å bli med husbandet hans. Han nytta høvet og følgde Bowie gjennom 1990-åra og ut den siste Bowie-turneen i 2004.[1] Campbell har arbeidd med andre artistar som David Byrne, The B-52s, Tina Turner og Gustavo Cerati.

Sterling Campbell

Sterling Campbell, 2009
Fødd3. mai 1964 (59 år)
New York City, New York
USA
FødestadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1990 til i dag
SjangerRock, alternativ rock, funk
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarDuran Duran, Soul Asylum, David Bowie, B-52s
PlateselskapColumbia Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Kjelder endre

  1. sterling campbell : trommer, arkivert frå originalen 28. september 2011, henta 24. september 2011 

Bakgrunnsstoff endre