Steve «Luke» Lukather (fødd 21. oktober 1957) er ein gitarist, vokalist, låtskrivar, og produsent frå USA, mest kjend for arbeidet med gruppa Toto. Lukather har vunne fleire Grammy-prisar, og dessutan gjeve ut fleire soloalbum, og har som studiogitarist vore med på over 800 nummer-ein-album. Sjølv om arbeidet hans med Toto er basert på poprock, spenner soloarbeidet til Lukather over mange ulike sjangrar, inkludert rock, progressiv rock, jazz og funk.

Steve Lukather

Steve Lukather,juli 2007
Fødd21. oktober 1957 (66 år)
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1975 til no
SjangerRock, jazz og pop
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapColumbia Records, Mascot Records
Verka somgitarist, songar, banjospelar, musikkprodusent, låtskrivar, songar-låtskrivar, jazzmusikar, mandolinspelar, studiomusiker
Gift medShawn Batten

Musikarane David Paich og Jeff Porcaro inviterte Lukather til å vere med på å starte det nye bandet deira, Toto, i 1976, då Lukather var 19 år. Han har sidan då vore medlem av gruppa. Grunna gitartalentet sitt og samarbeidet med Paich og Porcaro fekk han mykje arbeid som studiomusikar på 1970- og 1980-talet. I tillegg til komponistarbeid for Toto har han skrive mange songar for andre artistar. Lukather har blitt nominert til Grammy tolv gonger, og har vunne fem gonger.

Biografi endre

Oppvekst endre

Lukather blei fødd i San Fernando Valley i California. Etter å ha starta med trommer og keyboard, fekk han som 7-åring ein akustisk gitar og eit Beatles-album av far sin. Han lærte seg å spele gitar på eiga hand, sterkt inspirert av Beatles-albumet. Då han blei eldre starta han ein trio med to av venene sine. Dei spela inn ein demo, der ein kan høyre Lukather synge. På den vidaregåande skulen møtte han David Paich og Porcaro-brørne (Jeff, Steve og Mike), som alle skulle bli medlemmer av Toto. Dei inspirerte han til å ta gitartimar, der han lærte meir om mellom anna arrangering. Jeff Porcaro, som allereie då spela trommer med Steely Dan, blei som ein mentor for Lukather og var med på å gi han ideen om å bli studiomusikar. Lukather spelte inn nokre album med Boz Scaggs før han blei spurt av David Paich og Jeff Porcaro om å bli med å danne bandet Toto. Dei tre starta opp bandet saman med Bobby Kimball, David Hungate og Steve Porcaro.

Toto endre

 
Lukather syng

I Toto var han gitarist og til tider også vokalist. I starten blei dei fleste songane skrivne av David Paich, men ettersom tida gjekk kom Lukather meir til sin rett som låtskrivar. Lukather har sagt at tekstskriving ikkje er hans sterkaste side, og at han derfor liker å samarbeide med dei andre bandmedlemmene når han skriv låtar. Då bandet ikkje lenger hadde nokon vokalist etter at Jean-Michel Byron blei sparka i 1990, fekk Lukather ansvaret som vokalist. Dette fekk han blanda kritikk for, og sidan stemma hans ikkje hadde det same registeret som Bobby Kimball i songar som «Africa», måtte bandet ha med seg ekstrasongarar som kunne ta seg av desse partia. På deira siste album, «Falling In Between», var Lukather låtskrivar på alle utanom ein song. I intervju har han uttrykt frustrasjon over at Toto ikkje er så populære i USA som i Europa og andre delar av verda. Han kritiserer især musikkbransjen og musikkformidlarar (TV, radio) for å legge opp til at enkel listepop er det einaste som blir formidla. Lukather er det einaste medlemet av Toto som har vore med på alle konsertar og album.

Studioarbeid endre

I 1970- og 1980-åra var Lukather ein av dei mest ettertrakta studiomusikarane i Los Angeles. Han har spela inn album med ei rekke artistar, frå Aretha Franklin til Warren Zevon. Gjennom 18 år spela Lukather på over 700 album, og krediterer bandkameratane David Paich og Jeff Porcaro for å ha gjort han så ettertrakta som studiomusikar. Lukather har også spela med Michael Jackson.

Diskografi endre

 
Lukather med ein Ovation akustisk gitar
  • 1989 Los Lobotomys (med Los Lobotomys)
  • 1989 Lukather
  • 1994 Candyman
  • 1997 Luke
  • 2001 No Substitutions: Live in Osaka (med Larry Carlton)
  • 2003 Santamental
  • 2004 The Official Bootleg (med Los Lobotomys)
  • 2005 El Grupo Live
  • 2008 Ever Changing Times

Prisar endre

  • 1982 - Beste R&B-song: Steve Lukather, Jay Graydon, Bill Champlin (for George Benson) - «Turn your Love Around»
  • 1982 - Beste produsent: Toto - Toto IV
  • 1982 - Beste album: Toto - Toto IV
  • 1982 - Beste song: Toto - «Rosanna»
  • 2001 - Beste instrumentalpopalbum: Larry Carlton & Steve Lukather - No substitutions: Live in Osaka

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Steve Lukather