Steve Porcaro
Steven Maxwell «Steve» Porcaro (fødd 2. september 1957) er ein amerikansk klaverspelar og komponist, som var opphavleg medlem i rockebandet Toto.[1] Han er òg den einaste overlevande av Porcaro-medlemmane etter brørne Jeff og Mike som døydde i høvesvis 1992 og 2015.
Steve Porcaro | |
![]() Steve Porcaro under 35-årsjubileumsturneen i Örebro i Sverige 3. juli 2013 | |
Fødd | 2. september 1957 (65 år) |
---|---|
Fødestad | Hartford |
Fødenamn | Steven Maxwell Porcaro |
Opphav | Hartford i Connecticut i USA |
Aktiv | 1977– |
Sjanger | poprock, rock |
Instrument | Klaverinstrument, programmering, trekkspel |
Verka som | Klaverspelar, komponist, programmerar |
Far | Joe Porcaro |
Porcaro skreiv eller var medlåtskrivar på minst ein song på dei første seks albuma til Toto, med unntak av Isolation. I motsetnad til bandmedlemmane song han sjeldan på songane.[2] Han slutta i Toto i 1986 etter Fahrenheit for å konsentrere seg fullt som låtskrivar. Porcaro skreiv musikken til songen «Human Nature» og produserte synthesizeren for «The Girl Is Mine» frå Michael Jackson-albumet Thriller, og spelte med Gary Wright på turneen hans i 1977.
Porcaro har halde fram å arbeide med Toto i seinare år. Han har òg samarbeidd med artistar som Yes (på Union) og Jefferson Airplane (på Jefferson Airplane). Han var medlem i det kortvarige bandet til Chris Squire, The Chris Squire Experiment, i 1992.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Steve Porcaro» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hogan, Ed. «Biography: Steve Porcaro». AMG. Henta 29. oktober 2015.
- ↑ «Lea", Toto99.com. Henta 27. oktober 2011.