Steven Pinker (fødd 18. september 1954) er ein kanadisk psykolog, kognitiv vitskapsmann og forfattar av populærvitskap. Han er kjend som ein varm tilhengar og forsvarar av evolusjonær psykologi, særleg innanfor diskusjonar om evolusjonen av menneskeleg språk.

Steven Pinker

Statsborgarskap USA, Canada
Fødd 18. september 1954 (69 år)
Montreal
Yrke psykolog, lingvist, antropolog, filosof, universitetslærar, faglitterær forfattar, evolutionary psychologist, experimental psychologist
Språk engelsk
Medlem av American Psychological Association, American Academy of Arts and Sciences, National Academy of Sciences, intellektuelle mørke nettet
Religion ateisme
Ektefelle Rebecca Goldstein, Nancy Etcoff, Ilavenil Subbiah
Nettstad http://stevenpinker.com/
Steven Pinker på Commons

Dei faglege spesialfelta til Pinker er visuell kognisjon og utvikling av språk i born. Han har òg popularisert ideen om språk som eit «instinkt»; ein biologisk tilpassing danna gjennom naturleg utval. På dette punktet går han mot mellom andre Noam Chomsky, som reknar den menneskelege språkkjensla er eit biprodukt av andre tilpassingar.

Steven Pinker har skrive fem populærvitskaplege verk og mange faglege artiklar. Av bøkene som er meint for publikum kan ein nemna The Language Instinct (1994), How the Mind Works (1997), Words and Rules (2000), The Blank Slate (2002), and The Stuff of Thought (2007). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine, og har òg motteke andre utmerkingar. I 2008 blei han æresdoktor ved Universitetet i Tromsø.

Kjelder endre

  Denne psykologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.