Stine Oftedal

Stine Bredal Oftedal (fødd 25. september 1991) er ein norsk handballspelar frå Nittedal som sidan 2017 spelar på ungarske Győri ETO. I perioden 2010-22 var ho med om å vinne tre VM-gull og fem EM-gull, EM-sølv, VM-sølv og to OL-bronsar med Noregs landslag. Ved utgangen av 2022 har Oftedal delteke i 237 landskampar og skåra 659 mål.

Stine Oftedal

Stine Oftedal 20170519.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. september 1991 (31 år)
Oslo
Idrett handball
Tok del i

Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2011 for kvinner, Handball-VM 2015 for kvinner, Handball-VM 2017 for kvinner, Handball-EM 2010 for kvinner, Handball-EM 2014 for kvinner, Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM for kvinner 2012, Junior-VM i håndball for kvinner 2010, U19-EM i håndball for kvinner, 2017–18 Women's EHF Champions League, Q14920468, 2017–18 Nemzeti Bajnokság I, 2017–18 Magyar Kupa, Q16382268, Q17624114, Q16628129, Q28494046, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Utmerkingar

Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Oftedal var i yngre år medlem i Nit-Hak Håndballklubb. Sesongen 2007/08 spelte ho på Fjellhammer IL, deretter var ho spelesjef (playmaker) i Stabæk IF i fem år. Sidan var aktiv i franske Issy Paris i tida 2013-17. Frå sommaren 2017 har ho vore ein sentral spelar for det ungarske topplaget Győri ETO som i 2018 og 2019 sigra i IHF-meisterligaen.

LandslagsspelEndra

 
Stine Oftedal i norsk landslagsdrakt i 2015.

Sommaren 2009 var Oftedal med på vinne junior-VM i handball, ein prestasjon ho og Noreg gjentok eitt år seinare. Hausten 2010 fekk ho sin landslagdebut mot Island den 26. november. I desember 2011 deltok ho på det norske laget som vann handball-VM 2011. Også ved handball-EM 2012, der det vart finaletap mot Montenegro etter ekstraomgangar, var ho med i den norske troppen.

Frå og med handball-EM 2014 har Oftedal vore sentral i angrepsspelet til det norske landslaget som midtre rykkrom-spelar, der samspelet med særleg Nora Mørk har vore viktig for norske triumfar ved EM 2014, VM 2015 og EM 2016, og siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2016. Sidan handball-VM 2015 har ho vore Noregs kaptein i meisterskapsturneringane.

 
Oftedal i Issy Paris-drakt i 2014.

Merittar landslagEndra

KjelderEndra