Stjernebiletet Kefeus
Kefeus (frå latin Cepheus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det er namnsett etter kong Kefeus av Aethiopia i gresk mytologi. Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-tlaet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Den mest lyssterke stjerna er Alfa Cephei med ein tilsynelatande storleik på 3,5. Delta Cephei er prototypen på ein viktig klasse stjerner kalla ein kefeide. Mu Cephei og VV Cephei er raude superkjemper og av dei største stjernene som finst.
Kefeus | |
---|---|
Latinsk namn | Cepheus |
Forkorting | Cep |
Genitivsform | Cephei |
Symbologi | Kong Kefeus |
Rektasensjon | 22 h |
Deklinasjon | +70° |
Areal | 588 kvadratgrader nr. 27 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | Alderamin (α Cep) (2,44. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10° | |
Kjende objekt
endreStjerner
endreAlfa Cephei, tradisjonelt kalla Alderamin, er ei kvit stjerne med storleiksklasse 2,5, 49 lysår frå jorda. Beta Cephei, tradisjonelt kalla Alfirk, er ei dobbeltstjerne med ei blå kjempe med storleiksklasse 3,2 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,9. Primærstjerna er ei variabel stjerne som vert rekna som prototypen av ei underklassen av variable stjerner, som stundom vert kalla Beta Canis Majoris. Beta Cephei-variable varierer ikkje mykje i storleiksklasse, og har heller ikkje perioder lengre enn eit par timar. Beta Cephei i seg sjølv varierer 0,1 storleiksklassar kvar 4,6 timar. Gamma Cephei, tradisjonelt kalla Errai, er ei oransje stjerne med storleiksklasse 3,2, 45 lysår frå jorda. Ho har ei optisk dobbeltstjerne kring 50 lysår frå jorda. Systemet består av ei oransje subkjempe og ein raud dverg. På grunn av presesjonen av ekvinoks, vil γ Cephei bli polstjerna mellom år 3000 og 5200, og vil være nærast polen kring år 4000. Den primære stjerna har ein planet.[treng kjelde]
Delta Cephei er prototypen på ein kefeide, ei gul superkjempestjerne 980 lysår frå jorda. Ho avart oppdaga å vere variabel av John Goodricke i 1784. Ho varierer med 3.5m og 4,4m over ein periode på 5 dagar og 9 timar. Kefeidane er ein klasse pulserande variable stjerner. Delta Cephei har ein minste storleik på 40 soldiametrar og ein største storleik på 46 soldiametrar. Ho er òg ei dobbeltstjerne. Den gule stjerna har ei blåfarge kompanjong med storleiksklasse 6.3.[1]
Det finst fleire andre markante variable stjerner i Kefeus. Ei av dei, μ Cephei, vert òg kalla Granatstjerna på grunn av den djupe raudfargen. Ho er ei halvregulær variabel stjerne med ein minste storleiksklasse på 5,1 og ein største storleiksklasse på 3,4. Perioden er kring to år.[1] Stjerna er kring 11,8 AU i radius. Om ho vart plassert i midten av solsystemet, ville ho ha strekt seg ut til banen til Saturn. Ei anna stjerne VV Cephei, som My Cephei, er ei raud superkjempe og ei halvregulær variabel stjerne, minst 2000 lysår frå jorda. Ho has ein minste storleiksklasse på 5,4 og ein største storleiksklasse på 4,8. Ho er ei av dei største stjernene i galaksen med ein diameter på over 1000 soler. VV Cephei har òg ei uvanleg langperiodisk formørkande dobbeltstjerne, men formørkinga, som skjer kvart 20,3 år, er for lyssvak til at ein kan sjå det med det nakne auga. T Cephei er òg ei raud kjempe og er ein Mira-variabel med ein minste storleiksklasse på 11,3 og ein største storleiksklasse på 5,2, 685 lysår frå jorda. Ho has ein periode på 13 månad og ein diameter 500 soler.[1]
Det er fleire prominent dobbeltstjerner og optisk dobbeltstjerner i Kefeus. Omicron Cephei er ei dobbeltstjerne med ein periode på 800 år. Systemet ligg 211 lysår frå jorda, og består av ei oransje kjempe med storleiksklasse 4,9 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,1. Xi Cephei er ei anna dobbeltstjerne, 102 lysår frå jorda, med ein periode på 4000 år. Ho har ei blåkvit primærstjerne med storleiksklasse 4,4 og ei gul sekundærstjerne med storleiksklasse 6,5.[1]
Kruger 60 er ei dobbeltstjerne med storleiksklasse 11 og består av to raude dvergar. Stjernesystemet er eit av dei som ligg nærast jorda, berre 13 lysår unna.
Djupromsobjekt
endre- NGC 188 er ein open hop som er den open hopen som ligg nærast nordpolen på himmelen. Ho er òg ei av dei eldste opne hopane ein kjenner til.
- Fyrverkerigalaksen (NGC 6946) er ein spiralgalakse der ein har observert ni supernovaer, meir enn nokon anna galakse.
- IC 469 er ein annan spiralgalakse, med ein kompakt kjerne, oval form og kjennelege sidearmar.
- Stjernetåka NGC 7538 har den største protostjerna ein har funne til no.
- NGC 7023 er ei refleksjonståke med ein tilknytt stjernehop (Collinder 429). Ho har ein samla storleiksklasse på 7,7 og ligg 1400 lysår frå jorda. Stjernetåka og hopen ligg nær Beta Cephei og T Cephei.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cepheus (constellation)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Levy, David H. (2005). Deep Sky Objects. Prometheus Books. ISBN 1-59102-361-0.
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.
- Staal, Julius D.W. (1988), The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars (2nd utg.), The McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Ridpath & Tirion 2001, s. 112-113.
- ↑ «Smoky Shells». ESA/Hubble Picture of the Week. Henta 13 desember 2012.
- ↑ Levy 2005, s. 107.