Vassmannen (frå latin Aquarius) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg mellom Steinbukken og Fiskane.

Vassmannen
Vassmannen
Vassmannen
Latinsk namn Aquarius
Forkorting Aqr
Genitivsform Aquarii
Symbologi Vassberaren
Rektasensjon 23 h
Deklinasjon −15°
Areal 980 kvadratgrader
nr. 10 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne β Aqr (Sadalsuud) (2,9. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +65° og −90°

Vassmannen er eit av dei eldste av ei anerkjente stjerneteikna langs dyrekrinsen (den tilsynelatande vegen sola går over himmelen).[1] Det var eit av 48 stjerneteikn som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios og er eit av dei 88 moderne stjerneteikna. Vassmannen ligg i eit område som ofte vert kalla Havet fordi det ligg fleire stjerneteikn som er knytt til vatn, som Kvalfisken, Fiskane og Floda.[2]

Kjende lekamar endre

 
Stjerneteikn Vassmannen slik det ser ut for det nakne auget.

Stjerner endre

Trass i den framståande plasseringa i dyrekrinsen og den store storleiken, så har ikkje Vassmannen nokre spesielt lyssterke stjerner, og dei fire mest lyssterke er svakare enn storleiksorden 2.[3] Nyar forsking har synt at fleire stjerner som ligg i ytterkanten av stjerneteiknet har planetsystem.

α Aquarii, òg kjend som Sadalmelik, er ei hovudseriestjerne klasse G[4] (gul superkjempe). Det er arabiske namnet tyder «lukkestjerna til kongen».[5] Ho er den nest mest lyssterke i Vassmannen med ein storleiksorden på 2,96[4] (men absolutt storleiksorden på -4,5)[3] og ligg 523 lysår frå jorda.[6] Ho har ein luminositetluminositet på 5250 L.[3]

β Aquarii, òg kjend som Sadalsuud, er ei klasse G0-stjerne[4] (gul superkjempe). Det arabiske tydinga er «den heldigaste av lukkestjernene».[5] Ho er den mest lyssterke i Vassmannen med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,91[4] og ein absolutt storleiksorden på -4,5. Sadalsuud ligg 537 lysår frå jorda[7] og har ein luminositet på 5250 L, det same som α Aquarii.[3]

Andre stjerner er Sadachbia, Scheat, Albali, Ancha, Hudoor eller Ekchusis og Seat.

Planetsystem endre

I 2013 var det funne tolv planetsystem i Vassmannen. Gliese 876, ein av dei stjernene som ligg nærmast jorda med ein avstand på 15 lysår,[8] var den første raude dvergstjerna som vart oppdaga med eit planetsystem. Fire planetar går i bane rundt stjerna, mellom anna ein terrestrisk planet som har 6,6 gonger så stor masse som jorda. Planetane har omlaupstider som varierer frå 2 dagar til 124 dagar.[9] 91 Aquarii er ei oransje kjempestjerne med ein planet i bane, 91 Aquarii b. Planetmassen er 2,9 gonger massen til Jupiter, og har ei omlaupstid på 182 dagar.[10] Gliese 849 er ei raud dvergstjerne med den første kjende langperiodiske, Jupiter-aktige planeten, Gliese 849 b. Planetmassen er 0,99 gonger massen til Jupiter og har ei omlaupstid på 1852 dagar.[11]

Det finst òg fleire andre planetsystem i Vassmannen og fleire stjerner som har berre ein planet i omlaup.

Fjerntliggande system endre

 
Grøne bønne-galaksen J2240 ligg i stjerneteiknet Vassmannen.[12]

Fordi plasseringa til stjerneteiknet ikkje ligg i det galaktiske planet, er dei fleste fjerntliggande lekamane i Vassmannen galaksar, kulehopar og planetære tåker.[2] Vassmannen har tre djupromsobjekt som ligg i Messierkatalogen: kulehopane Messier 2, Messier 72, og den opne hopen Messier 73. To kjende planetære tåker finst òg i Vassmannen, Saturntåka (NGC 7009), og den kjende Helikståka (NGC 7293).


Kjelder endre

  1. Rogers 1998, s. 9-28.
  2. 2,0 2,1 Thompson & Thompson 2007.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Moore 2000.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Moore & Tirion 1997.
  5. 5,0 5,1 Ridpath 2001.
  6. SIMBAD Sadalmelik.
  7. SIMBAD Beta Aquarii.
  8. APOD Gliese 876.
  9. Exoplanet Encyclopedia Gliese 876.
  10. Exoplanet Encyclopedia 91 Aqr.
  11. Exoplanet Encyclopedia Gj 849.
  12. ESO 2012.

Koordinatar:   23h 00m 00s, −15° 00′ 00″