Stokkelandsvatnet

Stokkelandsvatnet ligg på Ganddal i Sandnes kommune i Rogaland. Vatnet har eit rikt fugleliv, og er ein viktig rasteplass for trekkfuglar. Området der Høylandsåna renn inn i vatnet, er verna som naturreservat. Fuglelivet vart freda i 1996. Ved utløpsosen står det ein statue av Harald Herredsvela, som var ein forkjempar for å få verna fuglelivet. Ålgårdsbanen, som kom i drift i 1924, går langs delar av vatnet. Det siste ordinære godstoget gjekk i 1988.

Stokkelandsvannet med Ganddal i bakgrunen.
Foto: Jarle Vines

Det er fine badeplasser fleire stader rundt vatnet. Turen rundt Stokkelandsvannet er eigna for barnevogn og rullestol.