Opna hovudmenyen
Alpehumle
Alpehumle Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
Alpehumle
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
Status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevengjer Hymenoptera
Familie: Langtungebier Apidae
Slekt: Humler Bombus
Underslekt: Alpinobombus
Art: Alpehumle B. alpinus
Vitskapleg namn
Bombus alpinus

Alpehumle eller stor fjellhumle (Bombus alpinus) er ei humle som lever opp til mellomalpin sone i fjellet. Ho har svart pels på mellomkroppen og oransje pels på heile bakkroppen utanom på det fyrste leddet.

Alpehumle er ei av dei største humlene i fjellet og kan ofte finnast på blømande vier om våren. Arten kan finnast ned i bjørkebeltet; men er lite vanleg i låglandet, der han stundom kan finnast langs kysten, særskilt i Nord-Noreg og om våren.

Alpehumle kan forvekslast med polarhumle, ein mindre art. Arbeidarar av alpehumle kan forvekslast med dronningar av sørleg form av lapphumle og dronningar av berghumle.

Alpehumle finst i Fennoskandia, på Kolahalvøya og i Alpane. I Noreg er ho vanleg i fjellet frå nord i Rogaland til Finnmark.

Alpehumle på blømande Salix. Frå Orkelsjøen i Oppdal.
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning

KjelderEndra