61°36′57″N 04°50′07″E / 61.61583°N 4.83528°E / 61.61583; 4.83528

Store Buarøya
øy
Fylke Vestland
Kommune Kinn kommune
Folketal 0

Store Buarøya er ei øy i Kinn kommune i Vestland fylke, i øygruppa Batalden, rett aust for sørenden av Vevlingen. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Den ubygde Litle Buarøya ligg rett aust for Store Buarøya.

Øya vart busett på midten av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det 12 personar her.[1] Ho vart fråflytta rundt 1980.

Kjelder

endre
  • Torbjørn Henrik Hillersøy, Batalden, bind 5 (2022)