Storemøllens Patentslip og Mekaniske Verksted

tidlegare mekanisk verkstad i Bergen

Storemøllen Patentslip & Mek. Verksted var eit skipsverft i Sandviken i Bergen som i hovudsak dreiv med vedlikehald og reparasjon av mindre fartøy. Det vart start opp av Wilhelm Meyer i 1901 på ei tid då det var ein aukande flåte av fjordabåtar, slepebåtar og fiskefartøy i Bergen. Stadig fleire av fartøya vart bygt i stål og det skapte ein marknad for mekaniske verkstader.

Stormøllens Patentslip og mek. Verksted tidleg i 1920-åra

I 1914 overtok sonen Arnold M. Meyer drifta, og i 1915 var det tilsett kring 100 menneske på verftet og mølla like ved. Verftet fekk kraft via ein turbin som Storemøllen skaffa seg i 1899. Dei trong derfor tilgang på nok vatn, og dette er truleg årsaka til at stemmene i Sandviksfjellet vart heva kring 1895.

Kjelder endre