Stortingets forretningsorden

Stortingets forretningsorden er eit reglement (forretningsorden) for Stortinget sitt arbeid. Forretningsordenen har grunnlag i Grunnlova § 66 som seier at «Efter den der vedtagne Orden er Enhver pligtig at rette sig». Det er Stortinget sjølv som vedtar forretningsordenen.

Stortingets forretningsorden er det sentrale dokumentet som regulerer alle sider ved Stortinget sitt arbeid. Stortingets forretningsorden blir evaluert og endra med ujamne mellomrom, etter som tida og behova endrar seg.

Kapitla i Stortingets forretningsorden

endre

Stortingets forretningsorden består no av 11 kapittel. I tillegg er her eit reglement for opne kontrollhøyringar.

  • Første kapittel: Om korleis Stortinget konstituerer seg
  • Annet kapittel: Om presidentane og sekretærane
  • Tredje kapittel: Om komiteane og arbeidsordninga
  • Fjerde kapittel: Om korleis Stortinget blir samankalla og sett
  • Femte kapittel: Om kongelege proposisjonar og meldingar samt forslag og søknadar
  • Sjette kapittel: Om debattane
  • Sjuende kapittel: Om avstemmingar
  • Åttende kapittel: Om Stortinget sine oppgåver etter Grunnlova § 75
  • Niende kapittel: Om interpellasjonar og spørsmål
  • Tiende kapittel Om Stortinget sine protokollar og om ekspedisjon av sakene
  • Ellevte kapittel: Ulike bestemmelsar
  • Reglement for opne kontrollhøyringar (Vedteke av Stortinget 11. juni 2001)

Om komiteane og arbeidsordninga

endre

Stortingsordenen fastset mellom anna kva for saker som skal handsamast i kva for ein stortingskomité. Energi- og miljøkomitéen skal til dømes handsame saker som gjeld olje, energi, vassdrag, miljøvern og regional planlegging. Finanskomitén skal mellom anna handsame saker om økonomisk politikk, penge- og kredittpolitikk, finans- og kredittvesen og skattar og avgifter til statskassa.

Om Stortinget sine oppgåver etter Grunnlova § 75

endre

Handsaminga av statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet følgjer reglar i forretningsordenen og i Stortingets løyvingsreglement.

Bakgrunnsstoff

endre