Strömstads kommun
kommune i Västra Götaland len i Sverige
(Omdirigert frå Strömstad kommun)
Strömstad kommune i Bohuslän i det svenske länet Västra Götalands län. Administrasjonssentrum er Strömstad. Kommunen ligg 170 kilometer frå Göteborg og 154 km frå Oslo. Det går òg ferje til Sandefjord. Vegen E6 går gjennom kommunen.
Strömstads kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västra Götalands län | ||
Landskap | Bohuslän | ||
Del av | Bohuslän, Q61484076, Q61484246 | ||
Areal | 477,59 km² | ||
• land | 467,48 km² | ||
• vatn | 10,11 km² | ||
Folketal | 11 965[1] (2011) | ||
Strömstads kommun 58°56′00″N 11°10′00″E / 58.933333333333°N 11.166666666667°E | |||
Kart som viser Strömstads kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Strömstad Municipality |
Sidan Strömstad ligg såpass nær den norsk-svenske grensa mottar Strömstad ein del handelsturisme frå Noreg, i tillegg til at kommunen og skjergarden her vert vitja om sommaren av mange norske (små-)båtturistar.
Tettstader
endreStrömstad kommune har tre tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Strömstad | 6 110 |
2. | Skee | 562 |
3. | Kebal | 278 |
Attraksjonar
endre- «Alaska», Bygningsverk på Nord Långø, Oppført av Hilma Swedahl.
- Blomsholm, Område med mange forskjellige fornminne (skipssetning, domarring, bautastein, gravhaugar, m.m.).
- Massleberg, Område med mange forskjellige fornminne (hellristingar, gravhaugar, griftgang m.m.)
- Skee kyrkje med eldste delar frå 1100-talet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Strömstad kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.